Hopp til innhold

Troms offentlege landsgymnas

Troms offentlege landsgymnas var det første landsgymnaset i Nord-Noreg, lokalisert i Finnfjordbotn ved Finnsnes i Troms frå 1949. Det medverka til å opne vegen for at fleire bygdeungdomar frå landsdelen kunne skaffe seg høgare utdanning.

Landsgymnaset opna på Setermoen i Bardu hausten 1946, med elevar frå Nordland, Troms og Finnmark. Etter tre år flytta skulen til Finnfjordbotn. Her heldt han til så lenge han var omfatta av ordninga med landsgymnas, det vil seie fram til 1969. Den siste opptaksprøva ved skulen blei gjennomført hausten 1965. Gymnaset hadde to linjer: engelsklinje og reallinje. Rektor i heile landsgymnasperioden var Olav Løkse, som sjølv var frå landsdelen. Som ved dei andre landsgymnasa stod målsaka sterkt også ved Troms offentlege landsgymnas. Både rektor og mange av lærarane var målfolk. Samstundes stod elevane fritt i kva målform dei ville nytte. Elevane var i stor grad landsungdom frå Nord-Noreg, som med dette tilbodet fekk ta examen artium. Gymnaset var ein internatskule med ein aktiv fritidskultur som gav ringverknader til lokalsamfunnet.

 

Lokalisering

Først var namnet Troms og Finnmark offentlege landsgymnas, men då Finnmark fekk sitt femårige statsgymnas i Alta i 1948, blei det endra til Troms offentlege landsgymnas. I 1949 flytta det frå Setermoen til ein tidlegare tysk militærleir i Finnfjordbotn ved Finnsnes. Då hadde det stått ein viss strid om lokaliseringa. Somme ville ha landgymnaset til Trondenes ved Harstad, men utan å nå fram.

 

Bygga i «leiren» i Finnfjordbotn blei fort prega av forfall, og undervisningstilhøva var kummarlege. Trass i kritiske rapportar til Kyrkje- og undervisningsdepartementet om dei dårlege materielle tilhøva, særleg ved internatet, blei eit nytt skulebygg realisert først i 1969. Då var tida som landsgymnas over.

 

Elevane

Elevar med framhaldsskule måtte igjennom opptaksprøver. Dei som gjorde det best på prøvene, fekk opptak ved skulen. Grunnlaget for opptak var elles middelskule eller realskule. Det var éi førsteklasse, og frå det andre året blei elevane fordelte på engelsklinja og reallinja etter ønske. Dei plassane som var att, blei fylte opp av elevar med realskule.

 

Det store fleirtalet av elevane var bygdeungdom, og dette spegla òg kva sosial bakgrunn dei hadde. Prosentdelen av elevar som kom frå bonde- og fiskarmiljø eller hadde arbeidarbakgrunn, var høvesvis høg. Born av lærarar representerte òg eit markert innslag i elevmassen. I heile perioden var det ei klar overvekt av gutar, noko som særleg galdt reallinja. På engelsklinja var jentene i fleirtal både i 1950- og 60-åra. Som dei andre landsgymnasa medverka Troms offentlege landsgymnas til aukande sosial mobilitet i samfunnet. Fleire nordnorske bygdeungdomar fekk høve til å ta høgare utdanning. Mange av dei gjennomførte ei klassereise.

 

Rektor Olav Løkse

Olav Løkse (1910–1999) representerte kontinuiteten og forankringa ved skulen. Han var tilsett ved starten i 1946 og stod i brodden for å byggje opp eit nordnorsk landsgymnas frå grunnen av. Løkse var sjølv bygdegut, frå Salangen i Troms. Han var utdanna cand.philol. med engelsk hovudfag frå Universitetet i Oslo i 1938. Som student i Oslo arbeidde han for eit nordnorsk landsgymnas både gjennom studentmållaget i Oslo og Håløyglaget, som han var med på å skipe i 1933. Han hadde vore lektor i Kongsberg og Oslo før han kom som rektor til det nordnorske landsgymnaset. Handlekraft og ansvar prega Løkse si leiing av skulen, som snart oppnådde gode resultat og fekk eit godt ry.

 

Målsak

Norskdom og målsak var viktige aspekt ved landsgymnasa. For rektor Løkse var målsaka i første rekkje eit sosialt og demokratisk spørsmål. Han meinte at ungdomen i praksis ikkje stod fritt i kva målform dei skulle velje. Dei bøygde seg ofte for bokmålsfleirtalet, anten det var i Tromsø eller Oslo. Ved Troms offentlege landsgymnas skulle kvar elev derimot stå heilt fritt med omsyn til å velje målform. Visjonen for målarbeidet ved skulen var ifølgje Løkse at han skulle vere ein fristad for dei som ikkje kunne få sin rett andre stader.

 

Aktiv fritid

Som dei andre landsgymnasa hadde skulen ein aktiv fritidskultur, skapt i fellesskap av lærarar og elevar. Sidan det var ein internatskule, og lærarane òg budde på området, blei det eit felles miljø av elevar og lærarar. Elevlaget Tjalve var kjernen i mange av aktivitetane. Her var i fleire periodar eit aktivt musikalsk liv med kor og orkester. Teaterstykke blei spela for folket på staden, og elevar og lærarar turnerte med revy i distriktet. Idrettslaget ved skulen, Trofil, var i alle år eit viktig samlingspunkt. Det blei arrangert idrettstevlingar, og elevane tok del i idrettsarrangement utanfor skulen.

 

Kjelder

Gudleiv Forr og Helge Vold (red.): Landsgymnaset. Oslo 2007

Reidun Høydal: «Folkedanning? Landsgymnaset som mothegemonisk danningsprosjekt», Nytt Norsk Tidsskrift 4/2003

Dagfinn Stenvold: Troms offentlege landsgymnas. Finnfjordbotn 1996

Først publisert: 25.04.2017
Sist oppdatert: 30.06.2017