Hopp til innhold
X
Innhald

Vestlandsbanken

Vestlandsbanken, finansinstitusjon. Banken var sentral i utviklinga av vestlandsk næringsliv og gav det økonomiske grunnlaget for mange nynorsktiltak.

Vestlandsbanken blei skipa i 1926 som fellesbank for bygdebankane på Vestlandet og som forretningsbank med sete i Bergen, med nynorsk som forvaltningsspråk. Føremålsparagrafen om målform blei formulert slik at endringar måtte vere samrøystes. Dette var det andre forsøket på å etablere ein nynorskbrukande bank i Bergen, etter Landsbanken, som kom i drift i 1914.
 
Thorleif Evanths leidde banken i tretti år, i perioden 1926–56. Han skipa også Vestlandske Bondestemna i 1932 og var formann for den fram til 1959.
 
Vestlandsbanken var den første banken som sette i gang opplæring i form av eigen bank- og revisorskule. Banken vann raskt tillit, ytte vesentlege tilskot under gjenreisinga etter 1945 og utvikla nær kontakt med dei mange bygdebankane på Vestlandet.
 
Etter femti års drift var forvaltningskapitalen om lag 1,1 mrd. kroner. Banken var med og finansierte fleire større nynorsktiltak og var i si tid blant dei ti største bankane i landet.
 
I 1970-åra gjekk ein annan bank med nynorskprofil, Oslo Nye Sparebank, inn i Vestlandsbanken. Etter skrantande inntening blei Vestlandsbanken i 1987 fusjonert inn i Fokus Bank.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 13.05.2013