Hopp til innhold
X
Innhald

Vinje-senteret

Vinje-senteret er eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for språk, dikting og journalistikk og ligg på fødestaden til A.O. Vinje i Vinje i Telemark. Senteret er ein del av Nynorsk kultursentrum.

I 2011 tok Vinje kommune kontakt med Nynorsk kultursentrum for å utvikle eit litterært senter i Vinje, og ein intensjonsavtale vart inngått i 2014. 29. februar 2016 la Nynorsk kultursentrum fram ein prosjektplan for Vinje-senteret som eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for språk, dikting og journalistikk. I 2017 løyvde Stortinget og Vinje kommune midlane som skulle til for å reise Vinje-senteret i tilknyting til nedlagde Vinje skule og Vinjar samfunnshus.

Vinje-senteret er ein del av Nynorsk kultursentrum, saman med Aasen-tunet i Ørsta, Hauge-senteret i Ulvik og nettleksikonet Allkunne. Vinje-senteret inneheld Erik Gjestvangs boksamling og byggjer opp eit arkiv med munnlege minne for å fylle rolla som eit senter for journalistikk.

Vinje-senteret er ein av dei viktigaste aktørane i 200-årsjubileet for A.O. Vinje i 2018. Senteret har òg overteke ansvaret for Litteraturdagane i Vinje, som har vore arrangerte sidan 2001. Kristian W. Rantala vart tilsett som dagleg leiar av Vinje-senteret i 2017.

Vinje-senteret ligg i nærleiken av Vinjestoga, som er barndomsheimen til diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje. Stova er ei typisk husmannsstove frå 1800-talet og har vore ein del av Telemark Museum i mange år, men står i Plassen, der ho opphavleg stod. Vinje kommune eig Vinjestoga, men frå og med 2018 har Vinje-senteret overteke driftsansvaret.

Vinje-fondet, som er ei statleg løyving til nynorsk journalistikk og andre publiseringar på nynorsk, vert forvalta av Nynorsk kultursentrum på vegner av staten. Det praktiske arbeidet med Vinje-fondet er lagt til Vinje-senteret.

Vinje-senteret gir ut meldingsbladet Dølen til husstandane i Vest-Telemark.

Svein Tuastad er setjeredaktør for artikkelen.

Kjelder

Nynorsk kultursentrum: Visjon og strategi 2018–2021. Vedteken 8. juni 2017

Nynorsk kultursentrum: Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret, issuu.com, publisert 29.2.2016: https://issuu.com/aasen-tunet/docs/111_20160229_prosjektplan_nett_omsl [lesedato 19.6.2018]

Møre-Nytt: «– Vi er klare for Vinje-senteret», morenytt.no, publisert 29.2.2016: https://www.morenytt.no/kultur/2016/02/29/%E2%80%93-Vi-er-klare-for-Vinje-senteret-12217290.ece [lesedato 19.6.2018]

Vinje-senteret: «Byggjestart for Vinje-senteret i 2018», aasentunet.no, publisert 14.12.2017: http://www.aasentunet.no/vs/no/aktuelt/Byggjestart+for+Vinje-senteret+i+2018.d25-SxlDY06.ips [lesedato 19.6.2018]

Ivar Aasen-tunet: «2017 eit vendepunkt for Nynorsk kultursentrum», aasentunet.no, publisert 4.1.2018: http://www.aasentunet.no/iaa/no/aktuelt/2017+eit+vendepunkt+for+Nynorsk+kultursentrum.d25-SxlDY39.ips [lesedato 19.6.2018]

Vest-Telemark Museum: «Vinjestoga», vest-telemark.itum.com: http://vest-telemark.itum.com/sider/artikler.asp?type=nyhet&mal=nyhet&kat=Vinjestoga&tittel=Vinjestoga&bildemappe=Vinjestogaweb&submeny=Vinjestoga&sublevel=1&meny=Norsk [lesedato 19.6.2018]

Peikarar

Nettstaden til Vinje-senteret, vinjesenteret.no 

Nettstaden til Nynorsk kultursentrum, nynorsk.no

Først publisert: 12.02.2019
Sist oppdatert: 12.02.2019