Hopp til innhold

Vinlands Mållag

Vinlands Mållag, amerikansk mållag som var i drift frå 1972 til 1999, og som gav ut nynorskavisa Ny Verd.

Vinlands Mållag var eit mållag skipa av Norman Black i New York i oktober i 1972. På skipingsdagen hadde mållaget sju medlemer, på det meste talde laget 55 medlemer. Styret melde at «Vinlands Mållag is the Canadian-American affiliate of Noregs Mållag, the Norwegian cultural and language society». Laget gav òg ut nynorskavisa Ny Verd. I styret for mållaget og i redaksjonen for Ny Verd hadde Black med seg mellom anna Arnfinn Bruflot og Eivind Evans. Arbeidsprogrammet til mållaget gjekk ut på at alle skulle få rett til å velje nynorsk dersom dei ville det.

I dei første åra var økonomien til laget noko skral, men ut i 1980-åra endra dette seg, og laget gav nynorsktiltak i Noreg omfattande tilskot. Vinlands Mållag ville mellom anna gi 14 000 dollar til Noregs Mållag til innkjøp av ei trykkjemaskin som kunne prenta fleire utgåver av dei bokutgivingane dei hadde støtta. Mållaget støtta òg Høgnorskringen, Norsk Målungdom og Ivar Aasen-sambandet. Totalt er det tale om tusenvis av dollar i støtte. Kvar pengane som Vinlands Mållag gav i støtte, kom frå, er uvisst, men truleg er det gåver frå medlemene og frå forretningsfolk i USA.

Formannen i laget, Norman Black, uttalte at Vinlands Mållag hadde mest språkpolitisk likskap med Høgnorskringen og Ivar Aasen-sambandet, sidan dei nytta 1938-rettskrivinga. Black var skuffa over målfolket i Noreg, som ikkje tok han på alvor. 10. desember 1999 vart Vinlands Mållag oppløyst.

 

Kjelder

Dag og Tid nr. 45, 11.11.1982

Noregs Mållags arkiv, Oslo

Først publisert: 02.11.2020
Sist oppdatert: 02.11.2020