Stortinget gjorde i 1914 vedtak om at det skulle opprettast ein ny type gymnas, der det ikkje lenger var krav om at elevane måtte ha eksamen frå middelskulen, eit skuleslag som i hovudsak fanst i byane. Kort tid etter gjorde kommunestyret på Voss vedtak om å gi fri tomt til eit landsgymnas, medrekna idrettsplass og tomter til lærarbustader. Då Kyrkjedepartementet året etter spurde om tilbodet stod ved lag dersom det første landsgymnaset vart opna ein annan stad, svara kommunestyret nei, og la til at dei også ville gi 50 000 kroner til drifta av landsgymnaset. 22. juli 1915 vedtok Stortinget å leggje det første statlege landsgymnaset til Voss, og dei første elevane tok til hausten 1916.
Frå 1910 til 1918 var det eit privat toårig gymnas på Voss. Fleire av dei som var lektorar ved landsgymnaset dei første åra, hadde tidlegare arbeidd ved det private gymnaset, mellom anna Leiv Heggstad, som hadde vore rektor der.
Dei tre første åra heldt skulen til ved Vangen folkeskule, men i 1919 flytta dei inn i eige hus. Dette skulebygget i jugendstil, som framleis er i bruk, ligg på Skulehaugen på Vossevangen. I 2018 stod eit nytt skulebygg klart, bygt saman med jugendbygningen frå 1919.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.