Hopp til innhold

Voss offentlege landsgymnas

Voss offentlege landsgymnas var det første offentlege landsgymnaset i Noreg.

Voss offentlege landsgymnas var i drift frå 1916, med Peder Blix som rektor. Skulen hadde eige hus frå 1919. Fram til 1931 var Voss landsgymnas det største landsgymnaset i landet.

 

Størsteparten av elevane ved Voss landsgymnas kom frå Hordaland. Dei femti åra landsgymnaset var i drift, tok rundt 2900 elevar examen artium, 26 % av dei var kvinner.

 

I 1966 var det slutt for landsgymnaset på Voss. Namnet på skulen vart då endra til Voss gymnas, i samband med at Hordaland fylke tok over driftsansvaret.

 

Opptaket

Stortinget gjorde i 1914 vedtak om at det skulle opprettast ein ny type gymnas, der det ikkje lenger var krav om at elevane måtte ha eksamen frå middelskulen, eit skuleslag som i hovudsak fanst i byane. Kort tid etter gjorde kommunestyret på Voss vedtak om å gi fri tomt til eit landsgymnas, medrekna idrettsplass og tomter til lærarbustader. Då Kyrkjedepartementet året etter spurde om tilbodet stod ved lag dersom det første landsgymnaset vart opna ein annan stad, svara kommunestyret nei, og la til at dei også ville gi 50 000 kroner til drifta av landsgymnaset. 22. juli 1915 vedtok Stortinget å leggje det første statlege landsgymnaset til Voss, og dei første elevane tok til hausten 1916.

 

Frå 1910 til 1918 var det eit privat toårig gymnas på Voss. Fleire av dei som var lektorar ved landsgymnaset dei første åra, hadde tidlegare arbeidd ved det private gymnaset, mellom anna Leiv Heggstad, som hadde vore rektor der.

 

Dei tre første åra heldt skulen til ved Vangen folkeskule, men i 1919 flytta dei inn i eige hus. Dette skulebygget i jugendstil, som framleis er i bruk, ligg på Skulehaugen på Vossevangen. I 2017 stod eit nytt skulebygg klart, bygt saman med jugendbygningen frå 1919.

 

Elevar

Det første skuleåret hadde landsgymnaset 53 elevar. I det første artiumskullet i 1920 var fire av 36 kandidatar kvinner. Talet på elevar steig jamt fram mot 1940, og frå då av låg elevtalet stort sett mellom 260 og 310. Meir enn halvparten av elevane kom frå Hordaland. Det var i tillegg mange elevar frå nabofylka Rogaland, Sogn og Fjordane og Buskerud, men skulen hadde elevar frå alle fylke.

 

Det første undervisningsåret hadde elevane felles undervisning, men dei tre siste åra kunne dei velje mellom fastsette studieretningar. Frå opninga hadde skulen reallinje, engelsklinje og latinlinje. Skulen hadde greskline frå 1927 til 1952. I 1931 fekk skulen den første norrønlina i landet.

 

Elevlaget Heimdall vart skipa alt første skuleåret. Heimdall laga mellom anna det handskrivne bladet Gjallarhorn, som vart lese opp på lagsmøta. Gjallarhorn kom òg som julehefte. Heimdall var det største av elevlaga på skulen. Solglytt, som i dag er det eldste kristelege gymnasiastlaget i landet, vart skipa i 1917. Det var òg andre lag ved skulen, mellom anna eit elevmållag og ei riksmålsforeining.

 

Rektorar

Peder Blix sat som rektor frå opninga og fram til 1931. Andre rektorar var Conrad Bonsaksen (1931–46), Gunnstein Langerak (konstituert rektor 1945–47), Sjur Bøyum (1947–53), Alf H. Helland (1953–62) og Steinar Line (1962–69).

 

Voss gymnas

Frå 1966 vart driftsansvaret overteke av Hordaland fylke. Då vart namnet på skulen endra til Voss gymnas, og alle studietilboda vart frå då av tre-årige. Dei siste elevane som tok examen artium som landsgymnasiastar, gjekk ut i 1969. Skulen har framleis namnet Voss gymnas.

 

I 2017 vart Voss gymnas, Voss husflidskule, Rogne vidaregåande skule, Voss vidaregåande skule og Voss jordbruksskule slått saman til Voss gymnas og Voss vidaregåande skule. Det nye Voss gymnas vart offisielt opna 1. august 2017. I samband med skulesamanslåinga vart det sett opp ein ny skulebygning, bygd saman med den gamle skulebygningen.

 

Kjelder

Gudleiv Forr og Helge Vold (red.): Landsgymnaset. Oslo 2007

Hallvard Framnes ofl.: Voss offentlege landsgymnas 1916–1946. Voss 1946

Johannes Gjerdåker: Ålmenn soge for Voss. Frå 1800 til vår tid, bd. II. Voss 1991

Gunnar A. Schei (red.): Voss gymnas 75 år. Voss 1991

Voss offentlege landsgymnas. Voss gymnas 1916–1966. Voss 1966


Hordaland fylkeskommune: «Om skulen»: https://www.hordaland.no/nn-NO/skole/vossgymnas/praktisk-info/om-skulen/ [lesedato 6.12.2017]

Constructa Entreprenør: «Skulehaugen – Nye Voss Gymnas»: http://constructa.no/project/skulehaugen-nye-voss-gymnas/ [lesedato 6.12.2017]

 

Peikarar 

Nettstaden til Voss gymnas 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017