Faktaboks

Firdaposten
Offisielt namn
AS FIRDAPOSTEN
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Florø
Stifta
1948
Dagleg leiar
Svend Arne Vee
Styreleiar
Svein Atle Huus
Logo
Logo
Av .

Firdaposten er lokalavis for Kinn og Bremanger, som kjem ut i Florø kvar torsdag i papirformat, og elles som nettavis. Firdaposten produserer «Tempopodden» som er ein podkast med skråblikk på lokalsamfunnet med utgangspunkt i lokalfotballen. Avisa vert redigert på nynorsk og var tidlegare partiorgan for Arbeidarpartiet. Firdaposten har frå 1996 Amedia som eigar.

Ansvarleg redaktør frå 2004 er Svend Arne Vee.

Digitalt

Firdaposten byrja med nettavis i 2000, og har sidan 2015 hatt ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og publisering på nett er 11 189 (4. kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening).

Historie

I 1938 fekk Arbeidarpartiet kontrollen over ei avis i Fjordane under namnet Gjallarhorn, som hadde kome ut i Førde sidan 1936. Krigen sette ein stoppar for avisføretaket 24. april 1940. Firdaposten skulle ta opp arven etter Gjallarhorn, men med ny utgjevarstad i Florø.

Firdaposten blei skipa på eit møte i Florø 6. oktober 1948. Ambisjonen var å bli organ for Det norske Arbeidarparti i Fjordane og få 2000 abonnentar i løpet av eitt år. Høgreavisa i byen kom i gang igjen eit par veker etter, og i tillegg måtte Firdaposten konkurrere med venstreavisa Firda Folkeblad. Fyrste nummer av Firdaposten kom 14. desember 1948 med Guttorm Hansen, seinare stortingspresident, som redaktør. Dei fyrste åra fekk lesarane fire sider to gonger i veka.

Trykkeri

Odd Brandsøy
Odd Brandsøy var redaktør av partiorganet Firdaposten i 1953–1986. Dette var viktige år for arbeidarørlsa i Fjordane.
Odd Brandsøy
Firdaposten.

Økonomien var skral, og trykkinga av avisa blei eit problem av di dette ikkje var muleg i sjølve Florø. Det blei inngått prenteavtale med Øens Prenteverk i Førde. Dette skapte praktiske problem, då avisa måtte trykkast om føremiddagen og sendast med buss til Florø om kvelden. I 1955 blei trykkinga av avisa flytta til R. Angell-Jacobsens prenteverk i Florø. Sjølv om prenteverket var gamalt, blei dette rekna som eit stort framsteg. 1. januar 1965 blei trykkinga atter flytta, denne gongen til Bergens Arbeiderblad.

Utover på 1970-talet steig misnøya over trykkinga i Bergen. Redaktør Odd Brandsøy freista fleire gonger å få Norsk Arbeiderpresse A/S med på finansiering av eit trykkeri i Florø. Draumen om eige offsettrykkeri blei endeleg verkeleggjort 18. september 1976, og samstundes kom overgangen til tabloidformat.

Veksttid

Brandsøy vidareutvikla avisa og utvida staben monaleg i si lange redaktørtid fram til 1986. Midt på 1950-talet auka avisa talet på utgåver i veka frå to til tre, og passerte Firda Folkeblad i opplagstal tidleg på 1970-talet.

Frå 1992 har Firdaposten rådd grunnen aleine som lokalavis i Florø. Frå 1990 til 1996, i brytningstida då partisynspunkta blei tona noko ned til fordel for ønsket om å femne heile byen med omland, var det Erik Stephansen som var redaktør i avisa.

Aukande opplag førte til overmot, og Firdaposten freista å erobre nytt land lenger inne i fjorden ved å utfordre avisa Firda i Førde. I desember 1994 auka avisa frå fire til fem utgåver for veka, og vidare til seks utgåver i 1995. Dette blei igjen redusert til fire i 1996 i samband med at A-pressa kjøpte Firda, og konkurrentane fekk same eigar. Seinare er utgåvefrekvensen på papir redusert til to dagar i veka og frå 2023 til ein dag.

Opplag

Opplagstall for Firdaposten, 1986-2022

1986 5998
1988 6457
1990 6523
1991 6566
1992 6588
1993 6736
1994 6644
1995 6050
1996 5830
1997 5870
1998 5965
1999 5787
2000 5702
2001 5678
2002 5637
2003 5648
2004 5630
2005 5621
2006 5650
2007 5511
2008 5484
2009 5457
2010 5327
2011 5214
2012 5114
2013 4977
2014 4871
2015 4657
2016 4707
2017 4749
2018 4998
2019 5032
2020 5159
2021 4912
2022 4837
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1952 1800
1960 3301
1969 3233
1983 5850
1993 6736
2008 5484
2019 5032
2020 5159
2021 4912
2022 4837
2023 4832

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement nytta.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Firdaposten
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg