Faktaboks

Fjordabladet
Offisielt namn
FJORDABLADET AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Nordfjordeid
Dagleg leiar
Ingebjørg Nilsen
Styreleiar
Frank Emblem
Logo
Logo
Av .

Fjordabladet er ei lokalavis som kjem ut i Nordfjordeid, i papirformat to gonger i veka og elles som dagleg oppdatert nettavis. Fjordabladet har Eid og områda rundt som dekningsområde. Største eigar er Sunnmørsposten. Fjordabladet er dermed ein del av Polaris Media.

Digitalt

Fjordabladet nyttar ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar som vil lesa avisa på nettet. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og nettavisa var 4. kvartal 2023 totalt 6208.

Historie

John Myklebust
Landets eldste eksersisplass blei skipa på Nordfjordeid (Eid) i 1628, og etter kvart vaks det fram verksemder innan handel og handverk kring den militære aktiviteten. Husklynga ved Eidselva sitt utløp vaks, og Eid utvikla seg etter kvart til å bli ein viktig skulestad. Fjordabladet sin redningsmann, John Myklebust (1861–1937), var nær knytt til desse viktige lokale institusjonane. Myklebust var krigskommissær då han tok over avisa i 1892. I 1891 fekk han skipa Eid Middelskole, der han sjølv var styrar til 1918, og initiativtakar til at Eids Gymnas kom i gang i 1922. Myklebust var ordførar (1898–1916 og 1922–1923) og stortingsmann for Venstre (1910–1912). Etter at Myklebust forlét Fjordabladet i 1894, har mange andre skulefolk vore redaktørar i avisa.
John Myklebust
Av /John Myklebust jr..

Etter ein kort periode i Bergens Tidende flytta juristen Otto Blehr til Eid i 1872 for å vikariere som sorenskrivar i Nordfjord. Den komande statsministeren skjønte kva makt som låg i det trykte ord i kampen for liberale og nasjonale idear, og i november 1873 tok han initiativ til lutlaget som danna grunnlaget for den fyrste avisa i Nordfjord. Avisa skulle ut i januar, men oppstarten av boktrykkeriet til ingeniør Dahl måtte utsetjast. Difor leid det på sommaren 1874 før bladstyrar Edvard Kr. Storm Blom kunne sende ut fyrste nummer av Fjordenes Blad, som førebels blei trykt i Bergen.

Blom var fødd i Stavanger, utdanna jurist og eitt år yngre enn Blehr. Medan Blehr kort tid etter flytta til eit nytt embete i Sogn og starta ei ny avis, skapte Blom ei sverdrupsk opposisjonsavis som blei teken godt imot av nordfjordingane. Blom forlét eit blad i medgong i 1882. Dei neste åra hadde boktrykkarane Dahl, Marthinussen og Olsen bladstyraransvaret etter tur, heilt til Mons Syltevik overtok i 1885. Syltevik var frå Geiranger og tok med seg sine tungsindige sunnmørske indremisjonsverdiar inn i avisa. Brotet med fortida førte avisa lukt mot stupet, abonnentane likte slett ikkje at bladet la seg på denne tunge og alvorsfylte linja. Syltevik slutta tidsnok til at avisa kunne reddast. I 1892 overtok den omtykte krigskommissæren John Myklebust og førte avisa tilbake til reine Venstre. Overgangen til offentleg aksjeselskap i 1895 bidrog til å føre avisa vidare framover.

Fjordenes Blad rådde grunnen aleine i fleire tiår, men fekk etter kvart konkurranse frå aviser som etablerte seg ytst (Måløy 1910) og inst (Stryn 1929) i Nordfjorden. Desse la seg til høgre for Fjordenes Blad, sosialistane har aldri klart å få til noko avis i denne delen av fylket. I 1920 skifta avisa namn til Fjordabladet, slik det høvde seg for eit Venstre-organ midt i nynorsken sitt kjerneområde. Sidan 1911 hadde avisa kome ut tre dagar i veka. Etter krigsstansen auka ho frå to til tre utgåver fyrst i 1974.

Fjordabladet sitt opplag har auka lite sidan 1945, i motsetnad til konkurrerande aviser i nabolaget. Abonnentane er blitt relativt færre, både i aust og i vest, og er i dag stort sett å finne i Eid kommune.

Utmerkingar

Fjordabladet vart kåra til «Årets lokalavis» i 1994.

Opplag

Opplagstall for Fjordabladet, 1986-2022

1986 2973
1988 2978
1990 3013
1991 3062
1992 3004
1993 2883
1994 2849
1995 2807
1996 2860
1997 2871
1998 2911
1999 2923
2000 2908
2001 2848
2002 2840
2003 2840
2004 2824
2005 2821
2006 2822
2007 2729
2008 2800
2009 2797
2010 2796
2011 2749
2012 2697
2013 2626
2014 2579
2015 2458
2016 2436
2017 2470
2018 2759
2019 2920
2020 3016
2021 3136
2022 3172
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1920 2400
1932 1500
1952 2200
1960 2383
1970 2421
1979 2296
1989 2981
1998 2911
2008 2800
2015 2423
2021 3136
2022 3172
2023 3240

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for både digitalt abonnement og papirabonnement nytta. Kjelda er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Fakta

  • Fjordenes Blad: fyrste nr. 10.7.1874, siste nr. 30.6.1920.
  • Skifta namn til Fjordabladet 12.7.1920. Førebels siste nr. 31.3.1942.
  • Fyrste nr. etter krigen 17.5.1945.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Sandnes, Astrid, m.fl.: Fjordabladet gjennom 100 år, 1975, isbn 82-7128-007-4

Faktaboks

Fjordabladet
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg