27. januar 1918
Av /Nasjonalbiblioteket.

For Bygd og By var det første nynorske familiebladet. Det kom ut i Oslo 1912–1932.

For Bygd og By vart skipa i 1912 og gjekk inn i 1932. Dei første nummera var utgitt av kunstforlaget Munin, som vart drive av Gudveig Høyem. Frå tredje nummeret i andre årgangen kom bladet ut hos Olaf Norli.

Det var eit illustrert nynorsk familieblad. Det hadde artiklar frå inn- og utland, litterære tekstar, omtale av forfattarar, politikarar og andre, nyhende frå vitskap og teknikk, og annonsar. Bladet hadde fleire faste spalter, «Heimen», «Aat smaafolke» og «I kveldseta». I tidlege år følgde det stundom bolkevis tilleggsbøker med bladet.

Dei første åra var mange innom redaktørstolen: Kristofer Uppdal (1912), Oskar Braaten (1912), Joh. B. Mikalson (1913), Halfdan Asphaug (sommaren 1913) og Ivar Høvik (1914). I tida 1915–1919 var Severin Eskeland redaktør. Hulda Garborg redigerte bladet i 1920, sonen Aadne Olaus Fjørtoft Garborg, «Tuften», var redaksjonssekretær. Han var den einaste redaksjonssekretæren i bladet si levetid. Frå 1921 til september 1924 var Anton Beinset og Arne Falk redaktørar, deretter var Falk eineredaktør.

Det meste av tida kom bladet ut annakvar veke. Ein periode i 1928–29 kom det med tre nummer i månaden. Kvart nummer var på 16 sider, og kvar årgang, med unntak av 1915, vart avslutta med eit større julehefte. Frå nr. 7 i 1913 vart bladet prenta hos Nikolai Olsen. I gjennomsnitt hadde For Bygd og By eit opplag på 3000–4000.

«Eit fullnorsk bilætblad for alle norske heimar»

For Bygd og By byrja utan programerklæring. Men då bladet hausten 1912 i ein vervekampanje vart sendt til 30 000 husstandar, skreiv det at meininga var å bli «eit fullnorsk bilætblad for alle norske heimar, som etterhanda kunde bli fullt ut tevleført med dei dansk-tyske familieblad, som fløymer inn over landet».

Innhaldet var variert sakprosa, litterære tekstar, teikningar og foto, annonsar. Det har artiklar frå ulike landsdelar, omtale av andre land, reisebrev. Det har oversyn over folkehøgskular og lærarskular, omtalar av jordbruksskular og «nynorske studentskular». Det skriv om diktarar, biletkunstnarar, spelemenn, politikarar og pressefolk.

I 1914-årgangen har Anton Aure biografiar om «gamle målmenner», i 1916-årgangen om «kvinnor i den nynorske bokheimen». Artiklane om dei skrivande kvinnene kom som bok i 1916.

1924–1927 skriv Anton Beinset biografiske artiklar om stortingsrepresentantar under tittelen «Stortingsprofilar». 1927–1928 skriv han målmannsprofilar. I tida som redaktør, og også seinare, skriv han petitar under pseudonymet Per Skrull. Nokre av dei kom ut i bokform i 1924. I dei to siste årgangane, 1931–1932, har Per Sæbø ein serie artiklar om fotografering.

I tidlege årgangar møter ein forfattarar som Tore Ørjasæter, Oskar Braaten, Johan Falkberget, Anders Vassbotn og Anders Hovden. I seinare årgangar treffer ein Tarjei Vesaas i litterære tekstar, men endå oftare i reisebrev. Ein støyter på dikt av Aslaug Raknes (Aslaug Vaa), Ragnvald Skrede og Jakob Sande. I siste årgangen har Hartvig Kiran tre omsetjingar av Goethe-dikt, og Olav H. Hauge omset to Shakespeare-sonettar og tre andre dikt frå engelsk og tysk.

Fram til rundt 1920 følgde det tilleggsbøker med bladet – i 1912 Marie Corellis Per ardua ad astra omsett av Marta Steinsvik, i 1917 Severin Eskelands framandordbok, den første framandordboka på landsmål, og i 1920 ei bok med brevmalar.

Dei faste spaltene

13. januar 1918
13. januar 1918
Av /Nasjonalbiblioteket.

Første året følgde hushaldsbladet Heimen og humorbladet Tyrihans med som faste vedlegg. Begge var på fire sider, For Bygd og By var på åtte sider dette året.

Frå 1913 vart «Heimen» fast spalte i bladet, redigert av Hulda Garborg. Liv Hektoen (seinare Liv Løland) vikarierte ei tid i 1918, Karoline Grude tok over spalta frå 1921, og i 1926 vart Solveig Steinnes-Lone spalteredaktør.

Spalta «Aat smaafolke» byrja tidleg i 1913 og fekk i 1930 skrivemåten «Åt småfolket» etter at bladet året før hadde innført bolle-å. Spalta hadde ikkje namngitt redaktør, men teiknaren Arne Wold medverka.

Humorspalta «I kveldseta», som kjem til syne seint i 1913, hadde heller ikkje namngitt redaktør før Anton Beinset dukkar opp og skjuler seg bak pseudonymet Per Skrull i 1921. Då Per Skrull døyr med brask og bram seint i 1928 og blir heidra med to minneord, tek pseudonymet «Sjur» over få nummer seinare.

«Leikarvollen», ei spalte med stoff om songdansar og spelemenn, opna i 1921 og vart styrt av Klara Semb. Torgeir Bjørnaraa skreiv i alle år om vitskap, natur og teknikk, i periodar under vignettar som «Vitskap for alle» og «Fraa teknikk og natur».

Opplagstala – kampen for tilværet

For Bygd og By sleit med tingartalet. Kunstforlaget Munin måtte gi opp bladet i 1913 fordi det ikkje bar seg økonomisk. Det hadde rundt 2000 abonnentar på den tida. I april 1914 hadde det 4000, men det bar seg framleis ikkje. Arne Garborg mana målfolket til å stø bladtiltaket, men det hjelpte lite.

Då tilbaud Severin Eskeland seg å redigere bladet for inkje frå 1915. Men hausten 1916 hadde talet på abonnentar falle til 2700. Det vart teke eit skippertak, og tingartalet kom opp i heile 10 000 den hausten. Men det fall igjen, og Eskeland sa frå seg redaktørstillinga hausten 1919.

Hulda Garborg tok over til det var råd å finne ein annan redaktør. Ho redigerte bladet i 1920 med hjelp frå sonen «Tuften», men heldt ut berre det eine året.

Den dagen siste nummeret skulle prentast i 1920, lét Anton Beinset og Arne Falk seg overtale til å gjere ein siste freistnad og føre bladet vidare. «Maalfolket har no det siste høvet til aa syna um dei vil at bladet skal leva eller døy», åtvarar dei i første nummeret i 1921.

For Bygd og By heldt det gåande ut 1932. Då skreiv forleggjaren Olaf Norli og redaktøren Arne Falk avskilsorda.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • [Anton Aure og Hans Aaarnes:] Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Dei norske bladi gjenom 65 aar 1858–1923. Biografiar av norske bladmenn. Bjørgvin 1923
  • Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Kristiania 1916
  • For Bygd og By, 1912–1932
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
  • Reidun Kvaale: Kvinner i norsk presse gjennom 150 år. Oslo 1986
  • Aslaug Nyrnes: Det nynorske mennesket. Ein litterær analyse av familiebladet For Bygd og By. Oslo 1985
  • Per Skrull [Anton Beinset]: Bak kulissone. Smaa ord um store ting. Oslo 1924

Ekstern lenke

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg