Faktaboks

Grannar
Offisielt namn
GRANNAR AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Etne
Stifta
11.04.1973
Dagleg leiar
Arve Skogen
Styreleiar
Øyvind Valen
Logo
Logo
Av .

Grannar er ei lokalavis som kjem ut i Etne i Vestland fylke med to utgåver i veka i papirformat og som nettavis. Avisa dekkjer primært kommunane Etne og Vindafjord. Ho vart grunnlagt i 1973 og blir gitt ut av Grannar AS som har berre lokale aksjonærar. Avisa fusjonerte i 1989 med lokalavisa Vindafjordingen, som dekte den dåverande Vindafjord kommune.

Digitalt

Grannar publiserer artiklar både på papir og på digitale plattformer. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar gjeld det meste av artikkelstoffet.

Historie

Ingolv Vevatne

Hausten 1975 søkte Grannar om medlemskap i Norske Avisers Landsforbund (NAL). I svaret viste NAL til reglane for medlemskap, som føresette to utgåver per veke. Dispensasjon kunne berre givast til aviser som representerte «eit klart idémessig og/eller politisk formål». Grannar hadde éi utgåve per veke, og ingen annan ideologi enn å gi ut eit upolitisk bygdeblad på nynorsk. Brevet vart derfor oppfatta som eit avslag. Sidan NAL ikkje varetok interessene til dei minste avisene, tok Grannar initiativ til ei eiga foreining. Ingolv Vevatne (biletet) leidde arbeidet fram til skipingsmøtet, som vart halde på Voss 15. mai 1976.

Ingolv Vevatne
Av /Grannar.

Grannar kom med sitt første prøvenummer 1. mars 1973 og starta ordinær drift 30. september same år. Bak avisa stod det ein lokal komité med utspring i Skånevik mållag. Hans Olav Tungesvik, tidlegare formann i Noregs Mållag og seinare stortingsmann for KrF, var formann i det første styret, medan Ingolf Vevatne var sekretær. Avisa skulle dekkje dei to nabokommunane Etne og Ølen, men det vart også presisert at ho skulle vere eit bygdeblad for Åkra-fjorden, Skånevik, Etne, Ølen, Bjoa og Vikebygd. Etne og Ølen ligg aust for Haugesund. Begge kommunane hadde vorte større ved kommunerevisjonen på 1960-talet, men samla folketal i 1973 var likevel ikkje høgare enn 6700.

I byrjinga hadde avisa éi utgåve per veke, og ein fast tilsett som var både redaktør, forretningsførar og annonseseljar. Frå 1976 hadde Martha Osnes denne stillinga. Den første utvidinga skjedde i 1978, då ho gjekk over til to utgåver per veke og dessutan tilsette Rune Hetland (seinare redaktør og generalsekretær i Landslaget for lokalaviser) som journalist. Målet med satsinga, som var finansiert ved banklån, var å få statsannonsar og pressestøtte. Begge delar lykkast. Gjennom 1980-talet hadde avisa likevel ein trong økonomi og var nøydd til å drive svært nøkternt. Opplaget svinga mellom 2400 og 2100.

Det neste gjennombrotet skjedde i april 1989, då Grannar vart slått saman med Vindafjordingen frå nabokommunen Vindafjord. Vindafjordingen var starta i oktober 1973, så dei to avisene var like gamle. Grannar var likevel storebroren av dei to. Før fusjonen hadde Vindafjordingen ei utgåve per veke, og opplaget var 1270 mot 2452 for Grannar. Grunnen til at dei slo seg saman, var at det ville gi ei større og dermed meir profesjonell avis. Fusjonen var vellykka, og allereie i 1992 hadde nye Grannar like høgt opplag (litt over 3700) som dei to gamle avisene til saman. Seinare har opplaget vore relativt stabilt.

Etne og Ølen låg opphavleg i Hordaland, Vindafjord i Rogaland, men dei tre kommunane hadde så nær kontakt at det var mogleg å gjere området om til eitt avisdistrikt. Seinare er dei administrative grensene endra. Først vart Ølen overført frå Hordaland til Rogaland fylke, og frå 2006 slo Ølen og Vindafjord seg saman til nye Vindafjord kommune. I dette tilfellet kom altså avisfusjonen før kommunerevisjonen.

Opplag

Opplagstall for Grannar, 1986-2022

1986 2381
1988 3600
1990 3690
1991 3690
1992 3731
1993 3740
1994 3844
1995 3918
1996 3822
1997 3943
1998 3962
1999 3941
2000 3920
2001 3923
2002 3906
2003 3883
2004 3893
2005 3858
2006 3875
2007 3929
2008 3889
2009 3852
2010 3816
2011 3682
2012 3548
2013 3548
2014 3575
2015 3582
2016 3534
2017 3527
2018 3499
2019 3507
2020 3469
2021 3508
2022 3462
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1986 2381
1990 3690
1998 3962
2008 3889
2015 3580
2017 3527
2018 3499
2019 3507
2020 3469
2021 3508
2022 3462
2023 3393

Frå 2020 gjeld netto opplagstal for både digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterar til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Grannar: prøvenr. 1. mars 1973, første ordinære nr. 30. september 1973.
  • Vindafjordingen: første nr. 5. oktober 1973, samanslått med Grannar frå 1. april 1989.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Grannar
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg