Håløygminne er eit lokalhistorisk tidsskrift utgitt i Harstad frå 1920. Det er det einaste lokalhistoriske tidsskrift for heile Nord-Noreg.

Håløygminne kom til etter initiativ frå historieprofessor Halvdan Koht, som oppmoda lærar og rektor Hans Eidnes om å gå i gang med dette arbeidet. 8. mai 1920 vart skipingsmøtet halde i Harstad. Hålogaland Historielag vart då skipa som formell utgivar av tidsskriftet. Hans Eidnes var redaktør frå 1920 til han døydde i 1962. Lektor Asbjørn Eidnes tok då over redaktøransvaret. Sidan 2009 har pensjonert rektor Vidkunn Eidnes vore redaktør. Begge er søner av Hans Eidnes.

Tidsskriftet inneheld stoff om nordnorsk historie, folkeminne og tradisjon. Både profesjonelle historikarar og amatørar har publisert stoff i tidsskriftet. Til dømes har det kome verdifulle artiklar frå Halvdan Koht, Just Qvigstad, Axel Coldevin og Nils A. Ytreberg og fleire. Mange artiklar er signerte av forskarar frå UiT Noregs arktiske universitet og Tromsø Museum. Redaktørane har levert mykje stoff, og dessutan har Finn Myrvang vore ein flittig bidragsytar med artiklar om namn og namnetydingar. Til saman har om lag 350 personar publisert artiklar i tidsskriftet.

Håløygminne kjem ut med fire hefte i året, kvart på mellom 24 og 32 sider. Opplaget var i 2011 på om lag 550 eksemplar. Illustrasjonen på framsida har vore i bruk sidan 1922 og er laga av Olav Solvang.

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg