Faktaboks

Hordaland
Offisielt namn
HORDALAND BLADDRIFT AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Voss
Stifta
1883
Dagleg leiar
Ingvil Torpe
Styreleiar
Ida Therese Sætersdal
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Forside av Hordaland
Vossebladet byte bladnamn til Hordaland i 1893.
Forside av Hordaland
Nasjonalbilioteket .

Hordaland er ei lokalavis som vert gjeven ut på Voss. Ho vart grunnlagt i 1883 og kjem ut tre gonger i veka. Dekningsområdet er Voss, Ulvik, Vaksdal, Granvin, Modalen, Eidfjord og Aurland. Avisa vert utgjeven av Hordaland Bladdrift AS.

Avisa Hordaland er, saman med avisa Sunnhordland, den eine av to leiande aviser i tidlegare Hordaland utanom Bergen. Namnet Hordaland var på plass som namn på avisa 26 år før Søndre Bergenhus amt i 1919 bytte namn til Hordaland fylke.

Ansvarleg redaktør frå 2023 er Ingvil Aaen Torpe.

Digitalt

Avisa Hordaland publiserer både på nett og papir. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar gjeld det meste av stoffet. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og publisering på nettet er 17 270 (fjerde kvartal 2023), ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

David Gjerme var bladstyrar i avisa Hordaland.

Tjue år, og så tjue til, på begge sider av krigen, og endå fire, så lang var David Gjerme (1893–1984) si tid som bladstyrar i avisa Hordaland. Han kom attende til Voss, fødestaden sin, i 1922, etter seks år i Florø og Firda Folkeblad (Nordre Bergenhus Folkeblad). Til saman hadde David Gjerme 50 år på bladstyrarkrakken i ei Vestlands-avis. Han framførte Venstre sine synsmåtar i klar tale, frå 1916 til 1969. Politikk låg hjarta hans nær, ei stund var han ordførar på Voss. Som bladstyrar vann han vyrdnad for korrekte referat. Statsminister J.L. Mowinkel sa etter å ha blitt referert på landsmål frå eit foredrag halde på Voss i 1930: «Eg las det to gonger og fann ingenting eg ville hatt annleis.»

David Gjerme var bladstyrar i avisa Hordaland.
Norsk presses historie.

I Hardanger og på Voss blei det starta bygdeblad tidleg. Avisa Vossingen kom i 1871, og i 1883 kom Hordaland sin forløpar, Vossabladet.

Vossabladet

Vossabladet ble skipa av «Voss 17-mai-forening». Den første tida blei det trykt hos J.W. Eide i Bergen, men frå august 1886 blei det trykt i eige trykkeri på Vossevangen av P.J. Melvær, som også styrte bladet. Frå oktober 1892 blei Nils Bjørgum styrar og utgivar, og ved nyåret 1898 kjøpte Olaus Alvestad og Lorentz Nybø bladet og trykkeriet. Avisa har hatt den same eigarfamilien sidan 1898.

Politisk forankring

Avisa var eit svar på høgrekreftene si bladbygging på Voss sidan 1878. Vossebladet var eit resultat av venstrefolket si motmobilisering. Bladstyrarane i avisa blei då også vaktmeistrar for motkreftene i norsk politikk, i første rekkje målsaka og fråhaldssaka. Hordaland kom ut gjennom alle dei fem krigsåra under andre verdskrigen, dei tre siste under NS-redaktørar.

Hordaland

I 1889 auka avisa frå éi til to utgåver i veka. I 1916 fekk lesarane avisa tre gongar i veka. Etter få år, og i kraft av å verte åleine avis i dei indre bygdene i nordre Hordaland, famna bladet langt meir enn Voss. Slik fall det naturleg for Vossebladet å byte bladnamn til Hordaland frå 1893.

Avisa kom i 1992 inn i eige hus i Voss sentrum. Hordaland er ei av få aviser som framleis syter for prentinga sjølv, i eit moderne prenteverk under eige tak. Frå 2003 har avisa kome ut i tabloid format. I 2008 feira Hordaland 125 år og blei i jubileumsåret utnemnd til Årets avis. I 2021 innleia Hordaland eit nært teknisk og redaksjonelt samarbeid med Amedia, etter å ha hatt eit tilsvarande samarbeid med Polaris Media Sør frå 2017.

Hordaland på Voss er ei familieverksemd med lange tradisjonar, og med dette høyrer også uvanleg stabile opplagstal. Avisa blir distribuert frå Indre Sogn til Bergen og sørover til nordsida av Hardangerfjorden, tre gonger i veka. Halve opplaget blir distribuert til tingarar utanfor kjerneområdet.

Opplag

Opplagstall for Hordaland, 1986-2022

1986 10037
1988 10720
1990 10780
1991 10791
1992 10797
1993 10809
1994 10809
1995 10402
1996 10210
1997 10176
1998 10107
1999 10231
2000 10133
2001 10049
2002 9959
2003 9908
2004 9742
2005 9708
2006 9585
2007 9600
2008 9582
2009 9489
2010 9386
2011 8812
2012 8777
2013 8748
2014 8342
2015 8104
2016 7880
2017 7885
2018 7822
2019 8043
2020 8159
2021 8527
2022 8380
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1920 2500
1932 2500
1950 5150
1960 5693
1970 6279
1983 9575
1993 10 809
2008 9582
2015 7692
2017 7885
2018 7822
2019 8043
2020 8159
2021 8527
2022 8380
2023 7775

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for både digitalt abonnement og papirabonnement nytta. Kjelda er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Vossbladet: fyrste nr. 19. desember 1883. Siste nr. 31. desember 1892.
  • Skifta namn til Hordaland, fyrste nr. 4. januar 1893.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gjerdåker, Johannes: Med Hordaland gjennom 100 år, 1983

Faktaboks

Hordaland
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg