Faktaboks

Jærbladet
Offisielt namn
JÆRBLADET AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Bryne
Stifta
1949
Dagleg leiar
Kent Roar Nybø
Styreleiar
Ole Morten Ringdal
Logo
Logo
Av .
Jærbladet 13.04.2022
Jærbladet 13.04.2022
Av .

Jærbladet er ei lokalavis som kjem ut på Bryne tre dagar i veka på papir, og i tillegg som nettavis. Avisa vart grunnlagd i 1949 og er eigd av Amedia etter at dei kjøpte opp Nordsjø Media AS i 2018. Jærbladet dekkjer kommunane , Time og Klepp.

Frå starten av hadde avisa mykje nynorsk, no òg ein del bokmål. Avisa har hatt tabloidformat sidan 2004.

Digitalt

Jærbladet starta med nettavis i 1998. Hausten 2013 innførte Jærbladet betalingsmur for å gje andre enn abonnentar høve til å lesa avisa på nettet. Jærbladet hadde i fjerde kvartal 2023 registrert i gjennomsnitt 36 644 daglege lesarar på papir og nett, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Opplagstall for Jærbladet, 1986-2022

1986 13171
1988 13360
1990 12726
1991 12796
1992 12494
1993 12539
1994 12293
1995 12172
1996 12192
1997 12214
1998 12393
1999 11219
2000 12475
2001 12477
2002 12428
2003 12377
2004 12598
2005 12617
2006 12763
2007 13064
2008 13264
2009 13266
2010 13305
2011 13209
2012 13116
2013 12963
2014 12930
2015 12903
2016 12549
2017 12553
2018 12526
2019 12849
2020 13458
2021 13372
2022 12971
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Jærbladet vart skipa i 1949, med nynorsk som dominerande målform. Jærbladet vart skapt for eit jordbruksdistrikt med innslag av landbruksbasert industrielt entreprenørskap som vaks kraftig med oljeøkonomien frå 1970-åra. Redaktør og skipar var Jon Fatnes, som nokre år hadde vore Sandnes-korrespondent for Stavanger Aftenblad, og som i 1936 hadde grunnlagt avisa Hallingdølen i Ål i Hallingdal.

Nedslagsfelt

Kommunane Time, og Klepp er det sentrale nedslagsfeltet, men avisa har etter kvart også strekt seg mot Sola og Sandnes. Til å byrje med var det historiske artiklar og nyhende som fylte sidene, ved sida av annonsar. Etter kvart vart stofftilfanget meir variert. Både kultur og sport fann sin plass i spaltene, overskriftene vaks, bileta vart større og lesarbreva fleire. Nynorsk har heile tida vore den dominerande målforma, og avisa har frå starten av vore politisk nøytral.

Redaksjon

Fatnes var redaktør til han døydde i august 1979. Nokre månader seinare tok Jostein Fylling over redaktørstolen og vart sitjande til 1995. Deretter følgde Ivar Rusdal fram til 2008. Jærbladet byrja med éin skrivande medarbeidar, som òg var redaktøren. I jubileumsåret 1999 hadde avisa ni journalistar, redaktøren medrekna, og 18 tilsette i marknadsavdeling, elektronisk produksjon og ekspedisjon.

Trykkeri

Den første tida vart Jærbladet prenta på ei lita presse hos bokhandlar Jonas Jørstad på Bryne. Seinare skjedde trykkinga hos Jærprent AS, som midt i 1950-åra fekk ei flatrotasjonspresse som gjorde det mogleg å utvide sidetalet frå fire til åtte. I 1974 gjekk avisa over til offset i Rogalands Avis, og frå 1995 har Jærbladet vore prenta hos Dalane Tidende i Egersund. Frå 1. september 1986 kom avisa ut tre gonger i veka. I 2004 gjekk ho over til tabloidformat. Driftsselskapet engasjerte seg også i andre avisutgivingar i distriktet.

Opplag

År Opplag
1970 4 000
1979 8 000
1983 11 616
2008 13 264
2015 12 839
2020 13 458
2021 13 372
2022 12 971
2023 12 440

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 blir netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement brukt. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening.

Fakta

  • Jærbladet: prøvenr. 21.10.1949, ordinære nr. frå 3.12.1949.
  • Nettavis frå 1998.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gudleiv Forr: «Jærbladet», i Idar Flo (red.): Norsk presses historie, bd. 4. Oslo 2010
  • Jostein Fylling: Avisa på Jæren. Jærbladet 50 år. 1949–1999. Bryne 1999
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010

Faktaboks

Jærbladet
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg