Avishode Karmøy-Bladet
Avishode Karmøy-Bladet
Norsk presses historie.

Karmøy-Bladet var ei lokalavisKarmøy frå 1954 til 1987. Avisa hadde skiftande profil og var dei siste åra ein del av A-pressa.

Historie

Karmø-Posten og Karmøy-Posten

Det var eit par forsøk på å starte lokalaviser på Karmøy i byrjinga 1900-talet: I 1904 grunnla skreddar Gabriel Wold Karmøens Tidende, som heldt det gåande med nokre avbrot til 1916, og i 1912 oppstod Kopervik Tidende, som eksisterte til 1931. Karmø-Posten blei etablert i 1911 i form av eit aksjeselskap, med Audun H. Telnæs som første redaktør.

Avisa hadde vekslande redaktørar fram til 1919, då Hans Tunge og Hilding Lanton overtok. I 1910 flytta åtte år gamle Lanton med dei svenske foreldra sine frå Örebro til Kopervik. Faren var typograf, og Hilding Lanton gjekk i typograflære i Kopervik Tidende. 16 år gamal debuterte han som skrivande journalist, og seinare blei han både utgivar og redaktør.

Lanton og Tunge døypte avisa om til Karmøy-Posten, noko som førte til kritikk frå riksmålsvenlege krinsar. I 1921 overtok Lanton avisa åleine. Bladet kom ut i Kopervik ein gong i veka og hadde sitt eige trykkjeri. Karmøy-Posten avslutta verksemda i 1939 og vart slått saman med Haugesunds Dagblad. Under andre verdskrigen blei Hilding Lanton innsett som redaktør i Haugesunds-Pressen, av okkupasjonsmakta samanslått av Haugesunds Avis og Haugesunds Dagblad. Det politiske engasjementet hans var likevel av ein passiv og «ufarleg» karakter.

Karmøy-Bladet

Redaktør Hilding Lanton i Karmøy-Bladet.

Hilding Lanton gikk i typograflære i Kopervik Tidende, og debuterte som skrivende journalist da han var 16 år gammel. Senere ble han både utgiver og redaktør. Hilding Lanton var redaktør til han solgte Karmøy-Bladet i 1971. Lanton hadde en rekke tillitsverv i mållåg og avholdsbevegelsen.

Redaktør Hilding Lanton i Karmøy-Bladet.
Norsk presses historie.

Då Lanton i desember 1954 sette i gang med avisa Karmøy-Bladet, med sonen Karl Lanton som utgivar, fekk den nye avisa ei positiv mottaking. Avisa var erklært som «upolitisk lokalblad» og kom ut ein gong i veka. Hilding Lanton var redaktør til han selde Karmøy-Bladet i 1971.

Avisa blei trykt i Karmøy-Posten sitt gamle trykkjeri og heldt det gåande ein gong i veka med fire sider, fram til 1971. Då blei Karmøy-Bladet overteke av arbeidarpressa, etter at det frå lokalpolitisk hald i Karmøy frå tidleg i 1960-åra var teke kontakt med utgivarane. Frå no av markerte Karmøy-Bladet seg ganske annleis, både politisk og nyhendemessig. Den første redaktøren blei Olav M. Wikre, ein framståande lokalpolitikar som i det første nummeret retta ein takk til Hilding Lanton for «trofast virke i lokalpressen i over 40 år». Avisa blei no trykt i Rogalands Avis og seinare i Odda i offset og tabloidformat. Sidetalet kom opp i åtte, og nokså snart kom avisa ut to gonger i veka.

Etter at Wikre døydde i 1973 blei Terje Emil Johannessen frå Haugesund redaktør. Han blei ved årsskiftet 1974–1975 etterfølgd av John Sjursen frå Arendal, som blei tilsett som redaksjonssjef i Arbeiderbladet i Oslo i 1976. Deretter kom Kåre Rennestraum, også han frå Arendal, i august 1977, etterfølgd av Kåre Ludvig Hansen, som sat til februar 1978. Deretter følgde Nils Erik Langva frå Ålesund. Han var den første som også blei disponent i tillegg til redaktørjobben. Han verka til årsskiftet 1983–1984, og etter han kom Odd Atle Urvik frå Haugesund.

Urvik gjorde det klart at Karmøy-Bladet først og fremst skulle vere ei lokalavis, utan nokon tydeleg partipolitisk profil. I leiarartikkelen julaftan 1985 blir det optimistisk slått fast at avisa skal utvide til tre utgåver i veka. Sommaren 1987 var det likevel slutt.

Ny avis med samme navn

I 1996 ble det grunnlagt en ny lokalavis i Åkrehamn med navnet Åkrabuen. Denne tok navnet Karmøybladet fra 1997. Avisa kom ut to ganger i uka: en dag som gratisavis og en dag (fredag) som betalavis. Opplaget i 2008 var 1280 (fredager). Redaktøren var Odd Magne Lilleaas. Siste utgaven kom 17. desember 2012.

Opplag

År Opplag
1971 2 915
1977 3 265
1984 3 688
1986 3 563

Fakta

  • Fyrste nr. 10.12.1954, fyrste red. Hilding Lanton.
  • Siste nr. 30.5.1987.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg