Forside av Møre Tidend

Forsida av Møre Tidend frå 11. juli 1917. Det første nummeret av avisa kom ut ein månad tidlegare.

Forside av Møre Tidend
Nasjonalbilioteket .

Møre Tidend var ei avis som vart gitt ut i Ålesund for første gong i 1917. Den var den første norske avisa som hadde fråhaldssak som profil.

Historie

Møre Tidend vart gitt ut i to korte periodar tidleg på 1900-talet. Det første nummeret av avisa kom ut i Ålesund 11. juni 1917, med Klaus Sletten som bladstyrar. Avisa var eit framhald av Venstre-avisa Søndmøre Folkeblad, som gjekk inn same året. Søndmøre Folkeblad hadde kome ut sidan 1892, med fråhaldssak som viktigaste sak.

Det var Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag som tok initiativet til Møre Tidend, og målsetjinga var ei nynorsk dagsavis, det «einaste morgon-dagblad mellom Bergen og Trondheim». Møre Tidend vart den første dagsavisalandsmål, med seks utgåver i veka.

Hard konkurranse

Sunnmøre frilynde Ungdomslag samla inn 100 000 kroner i startkapital, men aviskonkurransen i Ålesund var hard og annonsemarknaden liten. Eigenkapitalen gjekk med til å kjøpe hus og ei brukt presse.

Etter eit år måtte avisa redusere til tre utgåver i veka, men gjekk inn i 1918. I 1926 kom Møre Tidend ut på nytt, men allereie året etter vart avisa lagd ned for godt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg