Avishode Oplandenes Avis.
Avishode Oplandenes Avis.
Norsk presses historie.

Oplandenes Avis var ei avis som blei gitt ut i perioden 1872–1916. Avisa slo seg saman med Hamar Stiftstidende under namnet Hamar Stiftstidende og Oplandenes Avis i 1916.

Historie

Framsida av Oplandenes Avis 17. oktober 1906.
Oplandenes Avis/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

målmannen og Venstre-politikaren Olaus Arvesen mista plassen som redaktør i Hamar Stiftstidende, grunnla han konkurrenten Oplandenes Avis i 1872. Avisa var «Organ for det uavhængig Frisinnede Venstre». Han fekk mellom anna Ivar Aasen til å skrive i avisa, og Arvesen var i tillegg til å vere redaktør både ansvarleg utgivar og ikkje minst eigar av trykkjeriet som produserte avisa.

Oplandenes Avis kom ut to gonger i veka, men auka i 1879 til tre utgivingar og frå 1889 til seks. I 1880-åra arbeidde mellom anna seinare statsråd Johan Castberg i avisa. Politisk høyrde Arvesen til krinsen rundt Johan Sverdrup, og i 1879 blei han vald til vararepresentant til Stortinget. I perioden 1892–1894 møtte han som fast representant for Venstre, og i 1896–1897 som vararepresentant. Etter at Arvesen slutta i Oplandenes Avis i 1906, dreidde avisa politisk mot høgre.

J. Konstad var redaktør ein kort periode før Ivar Bergan overtok. Gerhard Jynge blei ny utgivar. Avisa var ein reell konkurrent til Hamar Stiftstidende. Politisk låg dei to avisene tett opp til kvarandre, og i 1916 gjekk framståande menn i Hedemarkens Amt saman om å etablere eit aksjeselskap for å slå dei to avisene saman. 30. juni 1916 kom Oplandenes Avis ut for siste gong.

Hamar Stiftstidende og Oplandenes Avis

Olaus Arvesen var grunnlegger av Oplandenes Avis.

Olaus Arvesen (1830–1917) vart fødd i Onsøy i Fredrikstad og voks opp i eit haugiansk bondemiljø. Arvesen var utdanna teolog og ønskte å arbeide for folkeopplysning. Sterkt inspirert av Grundtvig grunnla Arvesen landets første folkehøgskule, Sagatun ved Hamar, saman med Herman Anker. Dette skjedde i 1864, to år før Arvesen vart redaktør i Hamar Stiftstidende. Arvesens liberale syn kom fram i spaltene, noko dei konservative eigarane etter kvart ikkje kunne godta. I 1872 vart Arvesen difor sagt opp. I avskjedsartikkelen 4. juni 1872 samtykkjer Arvesen i at han har vore skarp i sine meiningar, men hevdar at enkelte saker ikkje kan takast på med silkehanskar. Arvesen skreiv òg at han ikkje ville svare i Hamar Stiftstidende, men heldt seg retten til «å svare i det bladet som eg sjølv etter mang ein oppfordring no opprettar». Han grunnla Oplandenes Avis som kom ut med sitt første nummer berre ein månad seinare.

Olaus Arvesen var grunnlegger av Oplandenes Avis.
Norsk presses historie.

E. Bühring Dehli overtok som redaktør i den nye avisa, under namnet Hamar Stiftstidende og Oplandenes Avis. Ved vala i 1903 og 1906 samarbeidde Frisinnede Venstre med Høgre under namnet Samlingspartiet, og seinare stilte dei liste saman ved stortingsvalet.

Den politiske ståstaden til Hamar Stiftstidende og Oplandenes Avis blei grundig fastslått i det første nummeret av den nye avisa, 1. juli 1916. På leiarplass skreiv redaktøren: «I politisk Henseende vil de forenede Blade som Organ for Høyre og det frisinnede Venstre arbeide for en fremskrittsvenlig moderne Politik og med bestemt Motstand mot Socialismen søke at samle flest mulig fra de borgerlige Partier

Fakta

  • Oplandenes Avis: første utgåve 3. juli 1872.
  • Siste nummer: 30. juni 1916.
  • Avisa gjekk saman med Hamar Stiftstidende under namnet Hamar Stiftstidende og Oplandenes Avis, med første utgåve 1. juli 1916.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg