Faktaboks

Os og Fusaposten
Offisielt namn
OS OG FUSAPOSTEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Os
Dagleg leiar
Reidar Hystad
Styreleiar
Jan-Morten Drange
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Os og Fusaposten er ei lokalavis for Bjørnafjorden kommune (tidlegare Os og Fusa kommunar) i Vestland. Avisa har kontor på Os og kjem ut i papirformat to gonger i veka.

Digitalt

Os og Fusaposten publiserer stoffet på dei digitale plattformene i takt med nyheitsstraumen, i tillegg til papirutgåva. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar gjeld det meste av stoffet. Talet på daglege lesarar på papir og nett var 12 943 i 4. kvartal 2023, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Avisa har sitt utspring i ein strid i Os og Fusa si første lokalavis, Midhordland. Midhordland kom ut første gongen i 1972, etter initiativ frå Vestlandske Mållag.

Christian Fr. Stabell vart tilsett som redaktør og dagleg leiar i Midhordland i 1973, med forfattaren Arnfinn Haga som styreleiar. I 1975 vart avisa gjord til aksjeselskap, med familiane Haga og Krüger som eigarar. Aksjeutvidingar og endringar i eigarforholda skapte konfliktar mellom redaktør Stabell og dei to eigarfamiliane.

Konflikten toppa seg då eigarane stoppa ein artikkel i trykkeriet som redaktøren hadde godkjent. Stabell braut ut, tok med seg dei fleste medarbeidarane og starta sommaren 1987 den nye avisa Os og Fusaposten.

Utvikling

Den nye avisa fekk på kort tid over 2700 tingarar. Midhordland tapte både tingarar og fekk store kostnader som følgje av dette brotet. Eigarane stemna derfor Stabell og den nye avisa for retten og fekk medhald i at dei skulle ha 883 500 kroner i skadebot og få dekt sakskostnadene.

Dommen vart anka, men berre få veker før ankesaka skulle opp, vart Midhordland slått konkurs. Det siste nummeret kom 1. november 1990. Sidan har Os og Fusaposten vore einaste lokalavisa i Bjørnafjorden. Os og Fusaposten har dei siste åra hatt ein sterk opplagsvekst. Avisa vart kåra til beste lokalavis av Landslaget for lokalaviser i 1991 og 2004.

Opplag

Opplagstall for Os og Fusaposten, 1986-2022

1986 3000
1988 3776
1990 4858
1991 4858
1992 5100
1993 5120
1994 5122
1995 5214
1996 5217
1997 5304
1998 5331
1999 5375
2000 5434
2001 5533
2002 5557
2003 5555
2004 5583
2005 5628
2006 5672
2007 5793
2008 5820
2009 5565
2010 5495
2011 5449
2012 5361
2013 5204
2014 5090
2015 4866
2016 4518
2017 4541
2018 4691
2019 5022
2020 5339
2021 5578
2022 5969
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
2015 4866
2016 4518
2017 4541
2018 4691
2019 5022
2020 5339
2021 5578
2022 5969
2023 6220

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelde: Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Flo, I. (2002): Konkurranse mellom lokalaviser på fire ulike marknader i Noreg: Midhordland, Os og Fusaposten, Bygdebladet, Storfjordnytt, Bømlo-Nytt, Bømlo i Tekst og Bilde, Fjordenes Tidende og Fjordabladet. Arbeidsrapport. Volda: Møreforsking Volda
  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget

Faktaboks

Os og Fusaposten
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg