.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Øyavis var ei lokalavis som dekte Midsund ytst i Romsdal. Avisa kom ut éin gong i månaden og var i drift frå 1983 til 2016.

Historie

Forside av Øyavis

Framside av siste utgåve av Øyavis 17. mars 2016.

Forside av Øyavis
Nasjonalbilioteket .

Midsund fekk si lokalavis 10. mars 1983. Avisa vart til etter initiativ frå fem lærarar. Første nummeret heitte berre LOKALAVIS, men etter ein namnekonkurranse endra avisa namn til Øyavis. Avisa var heilt frå starten av ei månadsavis.

Den nye avisa vart godt motteken i 1983 og kunne allereie i oktober året etter starten presentere abonnent nummer 1000. I 1986 var dei fem som starta avisa, reduserte til to: Arve Misund og Odd Fremstedal.

Det tekniske utstyret var enkelt, og avisa var avhengig av mykje dugnadsarbeid. Men etter kvart vart nyare og arbeidssparande teknologi teken i bruk også her.

Avisa var eigd av Øyavis ANS, eit selskap med Arve Misund og Odd Fremstedal som aksjonærar. Desse to dreiv i fleire år avisa i lag. Dei skreiv ofte leiarartiklar med klare meiningar, og avisa satsa på debattstoff.

I 2010 var opplaget 1941 eksemplar, og avisa dekte praktisk talt alle husstandane i øykommunen Midsund (no del av Molde kommune), pluss utflyttarar. Avisa kom ut torsdag midt i kvar månad, var redigert på nynorsk og hadde ei enkel nettutgåve. Det siste nummeret kom i mars 2016.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg