Framsida av Sogningen/Sogns Avis 4. januar 1972.
Sogningen/Sogns Avis /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Sogningen/Sogns Avis var ei avis i Leikanger (no Sogndal) i Sogn og Fjordane fylke (no Vestland), som vart etablert ved samanslåinga av avisene Sogns Avis og Sogningen.

Sogningen/Sogns Avis (S/SA) vart igjen slått saman med avisa Sogn og Fjordane i 1993, og skifta namn til Sogn Avis.

Historie

I Leikanger vart Høgre-avisa Sogningen frå sommaren 1959 teknisk og redaksjonelt samkøyrd med Senterparti-avisa Sogns Avis. Avisene var så å seie identiske, men med nokre få skilnader for å kunne forsvara partiprofilen.

Frå 1972 var dei to avisene Sogns Avis og Sogningen samanslått til avisa Sogningen/Sogns Avis (S/SA). Då var det Sogningen sin redaktør, Hans Arnesen, som tok over. S/SA hadde undertittelen «Politisk uavhengig», men det var tydeleg at det var Sogningen sin meir høgrevridde profil som var grunnsynet i den nye avisa.

I utsjånad vart S/SA snart for ei tabloidavis å rekne, og denne prosessen vart fullført med innføring av halvformatet i 1975. S/SA gjekk jamt under nemninga Sogningen, og vart oppfatta som ei forlenging av den konservative avisa frå 1897. Det siste vart eit problem for Senterpartiet, som då mista all kontroll i avisa.

Opplagsauke

Suksessen som Sogningen hadde hatt, heldt fram for S/SA gjennom 1970-åra, og S/SA skulle i løpet av dei neste 20 åra, under redaktør Arnesen, bli fylkets største opplagssuksess. Innan 1983 hadde Arnesen og S/SA erobra opplagstoppen, og opplaget vart igjen nesten dobla, til 8173. Veksten jamna seg ut i 1980-åra, og S/SA hadde sitt beste år i 1992, med eit opplag på 9580. S/SA hadde gjennomslag også i kommunane rundt Leikanger, men hadde konkurranse av Sogn Dagblad, som hadde ein svært sterk posisjon i industrikommunane Årdal og Høyanger.

Arnesen heldt fram som redaktør i S/SA til han døydde i 1987. Han var ein markant redaktør, med ein skarp penn, og han gjekk ikkje av vegen for konfliktar. Kritikarane meinte at han dreiv journalistikk på sladdernivå. Det gjorde at S/SA fleire gonger vart klaga inn for Pressens Faglige Utvalg. Til gjengjeld la Arnesens journalistikk grunnlaget for at S/SA tok att og gjekk forbi avisa Sogn og Fjordane når det galdt opplagstal.

Ti år etter opplagstriumfen kunne eigaren av S/SA, Husabø-familien i Leikanger, sluttføre erobringa av Sogn. I 1993 vart den gamle Venstre-avisa Sogn og Fjordane kjøpt opp og slått saman med S/SA. Den nye avisa fekk namnet Sogn Avis.

Opplag

År Opplag
1983 8173
1992 9580
1998 10815
2008 10085

Fakta

  • Slått saman med Sogns Avis til Sogningen/Sogns Avis (S/SA): fyrste nr. 1.1.1972. Kjøpte avisa Sogn og Fjordane i 1992, endra namn til Sogn Avis 7.1.1993.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie, bd. 2, 3 og 4. Oslo 2010
  • Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg