Avishode Sogns Tidende
Nasjonalbiblioteket .

Sogns Tidende var ei avis som kom ut frå 1878 til 1947, då Sogns Tidende blei tatt opp i avisa Sogn og Fjordane.

Historie

Fredag 7. april 1905
Framside av Sogns Tidende 7. april 1905.
Fredag 7. april 1905
Av /Nasjonalbiblioteket.

Etablering

Etter at Venstre-politikar Otto Blehr hadde starta Fjordenes BladEid i 1874, flytta han til Lærdal i Sogn. Der gifta han seg med kvinnesaksforkjemparen Randi Marie Nilsen og opna advokatpraksis. Sogn var då utan avis, og i 1878 fann Blehr ut at han trengte eit talerøyr som kunne fremje si eiga politiske karriere. Sogns Tidende vart dermed eit organ for Venstre.

Sogns Tidende var frå byrjinga organisert i eit interessentselskap som også dreiv forlag og boktrykkeri. Etter etableringa av avisa overlèt Blehr i 1879 redaktørstillinga til Hans Martin Michelsen, som vart etterfølgt av Martin Vanberg i 1901. Etter vel eitt år som bladstyrar i Sogns Tidende forsvann Blehr ifrå avisa, og fann seg etter kvart godt til rette i rikspolitikken, mellom anna som statsminister. Avisa kom i byrjinga ut éin gong i veka, frå 1889 to gonger.

Utbreiing og samanslåing

Jens Kvåle, fruktbonde, bladstyrar og stortingsrepresentant.

Jens Kvåle (1863–1949), fruktbonde, bladstyrar og stortingsrepresentant, blei nasjonal kjendis etter eit ordskifte i Stortinget om rovdyrplaga. Han skal då ha spurt: «Skal me ala bjørn eller sau i dette landet?» Sogndølen sat på Stortinget for Venstre 1930–1933. Som bladstyrar var han ein bygdas forsvarar. I 1905 formidla han med glød kampanjen mot unionen og kongedømet. Han starta si publisistiske karriere i 1896 med å gje ut bygderadikale blad som Vestmannen og Ungdom. Desse var forløparar til bladet Sygna, som kom i 1901. Saman med trykkaren Erik Natvik frå Årdal tok han i 1903 over Sogns Tidende. Jens Kvåle var forma i det radikale miljøet rundt den tidlege folkehøgskulen i Sogndal. Som bladstyrar medverka han til at Sogndal blei den tunge arenaen for målarbeidet i regionen, med sterk påverknad også utover i heile fjordfylket.

Jens Kvåle, fruktbonde, bladstyrar og stortingsrepresentant.
Norsk presses historie.

Fram til 1903 kom ho ut i Lærdal i Sogn og Fjordane. Då kjøpte Jens Kvåle avisa, saman med typografen Erik Natvig, og flytta ho til Sogndal. Kvåle var målmann, fråhaldsmann og stod sentralt i norskdomsmiljøet i Sogn. Han hadde tidlegare redigert fleire kortliva aviser, og var redaktør for Sogns Tidende fram til 1941.

Sogns Tidende hadde størst utbreiing i Indre Sogn. Innanfor denne regionen hadde avisa ingen reell konkurrent før i 1932, då avisa Sogn (seinare Sogn og Fjordane) starta å komme ut på Leikanger. Avisa møtte rett nok konkurranse frå Sogns Socialdemokrat i Lærdal i 1919, men trugsmålet blei varig svekka då partiet flytta den seinare kommunistavisa frå Indre til Ytre Sogn. Sogns Tidende fekk òg ein varig konkurrent med høgreavisa Sogningen, skipa i Vik i 1897.

Gjennom samanslåinga med den radikale venstreavisa Sygna blei Sogns Tidende påverka av det norskdomsradikale Sogndal. Slik blei Sogns Tidende snart ein markant aktør i samtidas kulturkamp. Sogns Tidende fekk eit solid løft i kjølvatnet av unionsoppløysinga i 1905 og var i Sogn sterkt medverkande til mobiliseringa for republikk. Avisa hadde i byrjinga riksmål som redaksjonell målform, men ved flyttinga til Sogndal i 1903 gjekk ho over til nynorsk. I 1927 vart avisa døypt om til Sogns Tidend, i tråd med god nynorsk rettskriving.

Avvikling

I 1941 overtok sonen til Jens Kvåle, Hermund Kvåle, som redaktør. Året etter vart Sogns Tidend lagt ned på grunn av dei vanskelege tilhøva under andre verdskrigen. Sogns Tidende hadde før dette tapt produksjonsteknisk terreng gjennom 1930-talet, og etter krigen måtte avisa setjast for hand. Avisa hadde tinga setjemaskin i september 1945, men i januar 1947 var ho enno ikkje komen. Ho vart starta opp att i 1945, men klara seg då ikkje i tevlinga med andre aviser, og vart endeleg nedlagt i 1947.

Avisa vart same år kjøpt opp av Ingvald Husabø Prenteverk på Leikanger, som selde rettane vidare til Ivar Tveit og Einar Svartefoss, redaktørane i avisa Sogn og Fjordane. Sogns Tidend fekk leve vidare som undertittel til denne avisa fram til 1986.

Opplag

År Opplag
1920 2200
1932 2500

Fakta

  • Sogns Tidende: fyrste nummer i 1878.
  • Skifta namn til Sogns Tidend i 1927. Førebels siste nummer 31. mars 1942.
  • Fyrste nummer etter krigen 17. mai 1945. Siste nummer 17. januar 1947, deretter opptatt i avisa Sogn og Fjordane.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eggum, Terje: På trykk: Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag.
  • Flo, Idar (red.) (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Bind 4: Norske aviser fra A til Å. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Grepstad, Ottar (2010): Avisene som utvida Noreg: Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Det Norske Samlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg