Avishode Stjørdalingen
Avishode Stjørdalingen
Norsk presses historie.

Stjørdalingen var ei avis som vart grunnlagt i 1924. Avisa var bøndene sitt blad i Stjørdal og bygdene rundt. I 1960-åra begynte avisa å slite økonomisk, og heller ikkje eit samarbeid med Trønder-Avisa var til hjelp.

Historie

Framsida av Stjørdalingen 13. mai 1924.
Framsida av Stjørdalingen 13. mai 1924.
Stjørdalingen/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Jon Leirfall var ein sentral medarbeidar og støttespelar for Stjørdalingen gjennom mange år.

Jon Leirfall (1899–1998) var fødd iHegra i Stjørdalen, og var ein sentralmedarbeidar og støttespelar for Stjørdalingen gjennom mange år. Leirfall (biletet) byrja som journalist kort tid etter at bladet starta, og varder i fleire år. Ifrå 1945 til 1969 representerten Leirfall Bondepartiet/Senterpartiet på Stortinget. «Ein flink journalist og ein dugande stortingsmann har mye sams,» skreiv Leirfall seinare. «Begge må vere på jakt etter ‘godt stoff ’ og må kunne utnytte dette slik at folk blir interessert.» Leirfall blei etter krigen ein av dei store aksjonærane i avisselskapet.

Jon Leirfall var ein sentral medarbeidar og støttespelar for Stjørdalingen gjennom mange år.
Norsk presses historie.

Avisa Stjørdalingen blei etablert i 1924 og kom med det siste nummeret i 1985. Folk i Stjørdalen var vane med lokalavisStjørdalingen kom på bana. Den fyrste lokalavisa Stjørdalens Tidende kom ut i perioden 1877 til 1897, og året etter starta Stjørdalen Avis, som kom ut fram til 1915.

Stjørdalingen kom som eit framhald av Stjørdalen Avis og som eit alternativ til det Venstre-radikale Stjørdalens Blad, som sidan 1892 var blitt gitt ut på Stjørdalshalsen. Avisa Stjørdalingen blei samstundes ein del av den framveksande bonderørsla og blei organ for det nye Bondepartiet.

Stjørdalingen definerte seg som ei avis for bygdene, som var Skatval, Hegra, Lånke og Meråker, i tillegg til Stjørdal. Med Stjørdalingen fekk folket i bygdene ei avis som i større grad la vekt på å dekkje landdistriktet. Blant journalistane var Jon Leirfall, som seinare blei ein markant stortingspolitikar og forfattar.

Reidar Foss var redaktør frå starten og fram til Johan Arnstad tok over i 1945. Stjørdalingen blei danna som aksjeselskap og hadde eige prenteverk. I mange år heldt redaksjonen og trykkjeriet til øvst i Kjøpmannsgata på Stjørdalshalsen. Avisa blei trykt på flattrykkspresse og var, så lenge tida med blytrykk varte, nesten alltid på fire sider i stort format.

Allsidig nyhendeavis

Stjørdalingen var ei allsidig nyhendeavis for heile Stjørdalen, men òg eit viktig kulturorgan, med lokalhistoriske artiklar og stoff om litteratur, kunst og tradisjon. Avisa kom i periodar ut to gonger i veka, og dei siste åra tre gonger.

Økonomisk blei tidene vanskelegare for Stjørdalingen i 1960- og 1970-åra, og eit samarbeid med fylkesorganet Trønder-Avisa i Steinkjer kom i stand. Stjørdalingen fekk eit forsprang på konkurrenten då avisa byrja å kome i offset og berlinerformat. Etter kvart kom Trønder-Avisa òg inn på eigarsida. Egil Hyldmo var redaktør i avisa frå 1977 til 1982, og i hans tid avslutta Stjørdalingen samarbeidet med Trønder-Avisa.

Trass i overgang til tabloid, trykk i Arbeider-Avisa i Trondheim og endra utgivingsdagar, gjekk avisa konkurs i 1984. Men Stjørdalingen kom fort i gang igjen då det blei skipa eit nytt aksjeselskap, med deltaking av lokallaga av Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Det liberale folkepartiet, men med redaktøren, John Arne Moen, som hovudaksjonær. Moen var på det tidspunktet den yngste redaktøren i landet, 18 år gamal.

Stjørdalingen skulle etter dette vere eit fellesborgarleg alternativ til konkurrenten, som nokre år før var blitt A-presseorgan. Avisa klarte seg i eit års tid, men i 1985 var det slutt for godt for Stjørdalingen.

Fakta

  • Fyrste utgåve: 13.5.1924.
  • Siste utgåve: 26.6.1985.

Opplag

År Opplag
1932 1500
1950 2000
1972 1371
1975 2943
1979 2215

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg