Allereie rundt 1960 fekk kommunen ei lokalavis, Sandsposten, som blei lagt ned i 1976. Då utvida Suldal Ungdomslag si lagsavis til å vere ei bygdeavis. Men seinare på året tok Suldal kommune initiativet til ei ny lokalavis, Suldalsposten, som kom ut med sitt første nummer den 22. oktober, og kom så kvar 14. dag med kommunen som eigar og utgjevar, og med kulturstyret som redaksjonsnemnd. Avisa blei montert hos avisa Kvinnheringen på Husnes og trykt hos Sunnhordland på Stord. Suldalsposten blir framleis trykt på Stord, etter nokre år ved Sauda Boktrykkeri, men satsen lagar dei no sjølve. Opplaget var på rundt 2000 (oftast under), og avisa blei send gratis til alle husstandane, med oppmoding om å kjøpe abonnement.
Suldalsposten hadde frå starten av ein tilsett redaktør, men då redaktøren sa opp hausten 1977, blei avisa redigert av ei redaksjonsnemnd. Etter årsskiftet 1977/78 blei Roy Høibo tilsett som redaktør, og det gjekk fram av tilsetjingsvilkåra at avisa skulle vere partipolitisk ubunden. Høibo skreiv leiarartiklar der han ser ut til å ha sine eigne, uavhengige meiningar, som i andre lokalaviser. Frå og med første nummer i 1979 kom avisa ut ein gong i veka. Både stoff- og annonsetilgangen var då blitt så stor at dette lønte seg for eigaren, Suldal kommune.
I 1995 blei avisa gjort om til AS og byrja å kome ut to gonger i veka (onsdag og laurdag). Avisa er enno eit AS, uavhengig av aviskjedene, og samarbeider med andre lokalaviser i regionen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.