Synste Møre (lokalavis) er ei vekeavis for Vanylven og dei næraste bygdene. Lokalavisa har kontor på Fiskå, og kjem ut på papir kvar torsdag, og elles som dagleg oppdatert nettavis.
Synste Møre er privateigd med Synste Møre AS som utgivarselskap. Avisa blei grunnlagd i 1970 av Per G. Osnes (1934–1990), og heitte VestAvisa i åra 1987–2000. Synste Møre er medlem i Landslaget for lokalaviser, og har lenge hatt eit stabilt papiropplag rundt 2000.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.