Telen
Faktaboks
- Offisielt namn
- TELEN AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Notodden
- Stifta
- 02.01.1980
- Dagleg leiar
- Jens Marius Hammer
- Styreleiar
- Øyvind Hagen
Historie
Ola Storeng grunnla to aviser på Notodden, men berre Telen har overlevd. Den tidlegare Høgre-avisa er no blitt ein del av Amedia-konsernet.
6. juni 1928 kom avisa Telen på Notodden ut med sitt første nummer. Telen var eigd og redigert av Ola Storeng – avismannen som tolv år tidlegare hadde forlate Notodden og avisa Teledølen, som han hadde etablert i 1905 og vore eigar og redaktør av fram til 1916. Utgivinga av Telen starta i leigde lokale, men i 1936 fekk avisa sitt eige hus og etter kvart også eit tilliggjande trykkjeribygg.
Under andre verdskrigen inntok dei to Notodden-avisene Telen og Teledølen ulike standpunkt. Begge avisene var i utgangspunktet kritiske til Nasjonal Samling og såg på NS som eit parti av forrædarar. Men medan Teledølen var skeptisk til Administrasjonsrådet og meinte at det handla på vegner av dei tyske okkupantane, omtalte Telen rådet som «et lyspunkt og en forenkling av situasjonen». Telen var dessutan kritisk innstilt til Londonregjeringa, og avisa tok til orde for eit samarbeid med okkupasjonsmakta for å sikre velferda i landet. Ifølgje NS sin presseleiar for Telemark var Telen gått frå å vere negativ til NS til å bli positivt innstilt til krava som den nye tida sette. Teledølen blei på si side oppfatta som uvennleg. Medan Telen heldt fram å kome ut gjennom heile krigen, blei Teledølen stansa våren 1943.
Redaktør Ola Storeng hadde sju barn, og heile seks av dei valde Telen som sin daglege arbeidsplass. Sonen Erling blei tilsett i redaksjonen, og yrkeskarrieren hans i Telen strekte seg over heile 62 år. Han overtok som redaktør då faren døydde i 1943, og den posisjonen hadde han i 37 år. Han representerte også Høgre både i bystyret og i formannskapet på Notodden og i fylkestinget i Telemark. Dottera til Ola Storeng, Alfhild, var redaksjonssekretær og arbeidde i avisa heilt frå starten i 1928. Ørnulf Storeng var typograf, men òg skribent. Tore stod ved trykkpressa, medan Bergliot og Ingerid var tilsette i høvesvis ekspedisjonen og trykkjeriet.
Telen var eigd av Storeng-familien fram til 1980, då avisa blei kjøpt av Drammens Tidende og Buskeruds Blad. Etter at både denne avisa og dotterselskapet i 1994 blei overtekne av Orkla Media, blei eigarskapen til Telen overført til Varden, som også var eigd av Orkla Media. I 2006 selde industriselskapet Orkla medieselskapet sitt til britiske Mecom Group. Telen og dei andre norske avisene som følgde med i salet, blei deretter organiserte i selskapet Edda Media. Då Edda Media i 2012 blei kjøpt av A-pressa, kom Telen inn i Amedia-konsernet.
Fakta
- Første nr. 6.6.1928.
Opplag
Opplagstall for Telen, 1986-2022
1986 | 5530 |
---|---|
1988 | 5775 |
1990 | 5889 |
1991 | 5726 |
1992 | 5849 |
1993 | 5918 |
1994 | 5937 |
1995 | 5904 |
1996 | 5835 |
1997 | 5820 |
1998 | 5881 |
1999 | 5839 |
2000 | 5848 |
2001 | 5854 |
2002 | 5574 |
2003 | 5635 |
2004 | 5489 |
2005 | 5401 |
2006 | 5280 |
2007 | 5142 |
2008 | 5089 |
2009 | 4976 |
2010 | 4928 |
2011 | 4826 |
2012 | 4705 |
2013 | 4599 |
2014 | 4414 |
2015 | 4277 |
2016 | 4175 |
2017 | 4126 |
2018 | 4356 |
2019 | 4323 |
2020 | 4431 |
2021 | 4370 |
2022 | 4300 |
År | Opplag |
---|---|
1950 | 3237 |
1960 | 3877 |
1970 | 4007 |
1983 | 5119 |
1993 | 5918 |
2008 | 5089 |
2015 | 4043 |
2020 | 4431 |
Til og med 2015 gjelder opplagstallene papirutgaven. Fra 2020 brukes netto opplagstall for digitalt abonnement og papirabonnement. Kilden er opplagstallene avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.