Faktaboks

Trønderbladet

Melhusbladet (til 1986)

Offisielt namn
TRØNDERBLADET AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Melhus
Dagleg leiar
Stig Mikkelsen
Styreleiar
Henning Johansen
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Trønderbladet er ei lokalavis som kjem ut på Melhus. Avisa vart grunnlagd i 1979 med namnet Melhusbladet, og er i dag eigd av Polaris Media ASA. Trønderbladet dekkjer Melhus og Midtre Gauldal.

Historie

Melhusbladet

Melhusbladet var ei lokalavis som vart skipa i Melhus i Sør-Trøndelag av Åsmund Snøfugl. Han var ein røynd avismann og forleggjar og meinte at marknaden låg til rette for å etablere ei ny avis i Gauldalen. Den 14. mars 1979 fekk alle husstandar i Melhus og bygdene rundt, som Buvika i Skaun og Støren i Midtre Gauldal det første prøvenummeret til Melhusbladet i postkassa.

Utgangspunktet for avisa var trykkjeri og forlagsbedrifta A/S Bygdetrykk. Trykkjeriet var starta av Johan Snøfugl i 1956 og hadde etter kvart flytta til Melhus sentrum. Sonen Åsmund Snøfugl hadde lenge ønskt å gi ut avis, og i 1979 meinte dei at tida var inne. Åsmund Snøfugl var sjølv redaktør i Melhusbladet frå 1979 til 1986.

Kommunen Melhus var nedslagsfeltet for Melhusbladet, og avisa fekk tidleg eit godt fotfeste i lokalmiljøet. Stoffet som vart publisert i tillegg til annonsar, var nyhende, sport, kultur og historiske artiklar. Kolofonen, leiarane og noko av avisa sitt eige stoff var på nynorsk, men det var ikkje den dominerande målforma. Avisa var partipolitisk ubunden.

Frå starten i 1979 følgde ein periode med kraftig vekst. Det gjaldt både utgjevingsfrekvens, dekningsområde og opplag. Frå éi utgåve per veke i 1979 auka frekvensen til to utgåver i 1980, tre utgåver i 1984, tre og ei halv utgåve (fredagsutgåva kom annakvar veke) i 1987 og fire utgåver per veke i 1988. Det er ikkje så vanleg med fire utgåver per veke sidan det gir ein uregelmessig produksjonsrytme, men avisa hadde denne løysinga fram til 1996. Då vart den tredagarsavisa igjen. Allereie i 1980 passerte opplaget 2000, som var grensa til datida for pressestøtte. Fem år seinare var det fordobla (4060), og i 1986 auka det til heile 6315.

Den geografiske ekspansjonen skjedde først i nabokommunane Skaun i vest og Klæbu i aust. Den hadde også ei viss spreiing i nord, i Leinstrand og Byneset, som hadde vorte ein del av Trondheim i 1964. Deretter kom turen til Midtre Gauldal som er nabokommunen i sør. Midtre Gauldal hadde lenge si eiga lokalavis, Gauldalsposten, men ho gjekk dårleg og vart nedlagt i 1986. Melhusbladet kjøpte då forlagsretten og abonnementskartoteket frå Gauldalsposten. I samband med oppkjøpet skifta avisa 20. september 1986 namn til Trønderbladet.

Trønderbladet

Trønderbladet heldt fram som ei politisk ubunden lokalavis, som fram til 1996 var ei viktig nynorskavis for Sør-Trøndelag. Snøfugl heldt fram med redaktørjobben i Trønderbladet i ti år, frå 1986 til 1996. I dei første åra var kolofonen, leiarane og mykje av stoffet i avisa på nynorsk, men då avisa vart kjøpt opp av Adresseavisen i 1996, vart bokmål redaksjonsspråket.

Trønderbladet var enerådende som lokalavis for Melhus, Midtre Gauldal og Klæbu i perioden 1986 til 2001. Berre i Skaun var det ein viss konkurranse. I 2001 etablerte Snøfugl ein konkurrent i Melhus med vekeavisa Gaula. Seinare er det etablert nye vekeaviser for Klæbu (2007) og Midtre Gauldal (2008).

Etter kvart har Trønderbladet vorte ei lokalavis for fleire kommunar sør for Trondheim. I tillegg til Melhus og Midtre Gauldal er primærområdet Skaun og Klæbu. Stofftilfanget er først og fremst nyhende, kultur og sport, i tillegg til annonsar. Avisa er abonnementsavis og laussalavis, i tillegg til nettavis.

På slutten av 1995 selde Åsmund Snøfugl Trønderbladet til Adresseavisen i Trondheim. Adresseavisen har etter kvart skaffa seg ei kjede av små lokalaviser i Trøndelag som har eit praktisk samarbeid på mange områder. Frå 2009 er Trønderbladet ein del av Polaris Media-konsernet.

I 1992 vann Trønderbladet prisen «Årets lokalavis» av Landslaget for lokalaviser, og i 2007 vart avisa kåra til den beste lokalavisa i Midt-Noreg.

Opplag

Opplagstall for Trønderbladet, 1986-2022

1986 6315
1988 5885
1990 5743
1991 5435
1992 5444
1993 5449
1994 5501
1995 5145
1996 5573
1997 5583
1998 5337
1999 5552
2000 5687
2001 5862
2002 5835
2003 5847
2004 5834
2005 5865
2006 5888
2007 5881
2008 5754
2009 5591
2010 5444
2011 5339
2012 5234
2013 5116
2014 4858
2015 4551
2016 4216
2017 3915
2018 3980
2019 4404
2020 4846
2021 5066
2022 5479
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1986 6315
1996 5573
2008 5754
2015 4462
2020 4846

Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 blir netto brukt opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kilden er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Melhusbladet: prøvenr. 14.3.1979.
  • Skifta namn til Trønderbladet frå 20.4.1986.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010

Faktaboks

Trønderbladet
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg