Ung-Norig var eit nynorsk litterært tidsskrift som kom ut i tidsrommet 1918–1926.

Ung-Norig vart skipa av Anton Aure, som redigerte bladet til han døydde i 1924. Då tok Henrik Rytter over, til bladet stogga etter det første nummeret i 1926. Det kom ut på forlaget til Erik Gunleikson i Risør.

Bladet hadde frå byrjinga 650 abonnentar. Kvart nummer opna som regel med ein omtale av ein nynorsk forfattar. Ved sida av litterære tekstar hadde Ung-Norig oversyn over nye nynorskbøker og i dei første nummera også detaljert informasjon om målreisinga i skuleverket og i kommunal administrasjon. Over fleire nummer i 1923–1924 gav Anton Aure eit biografisk oversyn over prestar som preika på nynorsk. Det biografiske oversynet vart i 1924 utgitt som særtrykk.

Bladet heldt fram i 1935–36 under namnet Ung Noreg – litterært tidsskrift for ungdomen. Redaktørar no var Conrad Clausen og Olaf Hanssen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anton Aure: Prestar som talar nynorsk. Stutte livssogor med ei innleiding um norsk maal i kyrkja. Risør 1924
  • Bjørn Terje Moen: «Anton Aure – eit hundreårsjubileum», Gamalt frå Fræna 1984. Molde 1984
  • Idar Stegane: «Anton Aure – den nynorsk bibliografen», Romsdal Sogelag årsskrift 1984. Molde 1984
  • Ung-Norig, 1918–26
  • Ung Noreg, 1935–36

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg