Unge Skud var eit lokalt sosial-radikalt ungdomsblad som vart organ for Noregs Ungdomslag, utgitt i perioden 1893–98.

Etablering

Unge Skud vart etablert på slutten av 1800-talet som eit blad for ungdom, i ei tid då organisasjons-Noreg hadde byrja å ta form gjennom ulike lag og foreiningar. Det var typografen Lorentz Nybø som starta bladet på Nordfjordeid, og det første nummeret kom 7. november 1893. Året før hadde han etablert Eid ungdomslag. Unge Skud kom ut ein gong i veka. Nybø var sjølv redaktør – ein periode i 1897 i samarbeid med Anstein Myhr.

Drift

Unge Skud skulle vere eit debattorgan og inneheldt i starten anarkistiske meiningsytringar mot kyrkja og staten. Etter kvart fekk samfunnskritikken i bladet ny form, gjennom fråhaldsrørsla og kampen for nasjonal reising.

Etter press frå mellom anna lesarane av bladet vart det frå 1895 gitt ut på nynorsk. Som resten av nynorskpressa spela ungdomsblad og aviser som Unge Skud ei viktig rolle i å utvikle bruken av nynorsk som skriftspråk – som supplement til skuleverket sitt avgrensa tilbod til nynorskelevar på denne tida. Bladet vart slik ein arena for eksperimentering i sjangrar, skrivemønster og litterær kunst.

I 1896 vart Unge Skud flytta til Voss, og i 1897 vart bladet organ for Noregs Ungdomslag. I 1898 kjøpte Nybø og folkehøgskulemannen Olaus Alvestad både Unge Skud og Hordalands bogtrykkeri, der bladet vart prenta. Det siste nummeret av Unge Skud kom 29. desember 1898, då bladet skifta namn til Unglyden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget
  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
  • Tvinnereim, J. (1979): «Unge Skud – ei radikal Nordfjord-avis», i Årbok for Nordfjord 1979
  • Høeg, T. A., red. (1973): Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo: Universitetsbiblioteket i Oslo

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg