Avishode Vest-Agder
Avishode Vest-Agder
Norsk presses historie.
Johannes Seland preget Vest-Agder i perioden frem mot krigen.

Det var Johs. Seland (bildet) som preget avisen fra dag én til den gikk inn etter et pålegg fra okkupasjonsmyndighetene om å trykke tyske krigskommunikeer. I sin avskjedsleder skrev Seland: «Vi skriver ikke lenger hva vi vil. Det er en dyd av nødvendighet. Men vi skriver heller ikke hva andre pålegger oss. Derfor stanser vi med dette nummer utgivelsen av avisen inntil videre.» Seland skaff et seg jobb som sekretær i Nasjonalhjelpen samtidig som han organiserte det illegale arbeidet i distriktet. I 1941 flyktet han via Sverige til England hvor han var redaktør i Norsk Tidend. I 1946 ble han ansatt som ansvarlig redaktør i Fædrelandsvennen. Han gikk av i 1979.

Johannes Seland preget Vest-Agder i perioden frem mot krigen.
Norsk presses historie.

Vest-Agder var ei Venstre-avis som vart gitt ut i Farsund i tidlegare Vest-Agder fylke i perioden 1934 til 1963. Avisa blei grunnlagd av venstrefolk som ville ha meir stoff frå distriktet og ei klarare haldning i målsaka og alkoholspørsmålet. Opplaget tok aldri av, og økonomien var dårleg.

Historie

I byrjinga av 1930-åra gav venstrefolk i Farsund, på Lista og i Lyngdal uttrykk for misnøye med lokalavisa Lister. Denne avisa hadde gjennom mange år vore Venstre si avis i det same distriktet, men Lister var i liten grad oppteken av det som skjedde i byen og distrikta.

Den drivande krafta i det nye tiltaket var grosserar Karl Briseid. Han fekk følgje av partivener på Lista og i Lyngdal, som i det stille planla utgiving av ei ny avis. Dei ønskte ei Venstre-avis som i tillegg skulle vere orientert mot fråhaldsrørsla og ta seg av målfolket sine saker. Det blei teikna kapital både i Farsund, på Lista og i Lyngdal, som var tilstrekkeleg til å kjøpe ei brukt flattrykkspresse og ein setjemaskin.

I 1934 blei det halde konstituerande generalforsamling. Briseid blei vald til styreleiar, medan lærar Anders Grostøl frå Lista og smedmeister Sigurd Seland frå Lyngdal gjekk inn som medlemer av styret. Valet av redaktør fall på den 20 år gamle Johannes Seland frå Flekkefjord, med onkelen Bernt Seland, tidlegare redaktør i Haugesunds Avis, som medredaktør det første halvåret.

Dårleg økonomi

Med eit betalande opplag på vel 500 var det smått med pengar og lite annonsar, men i løpet av eit par år passerte dei 1000 abonnentar og annonsespaltene blei dobla. Ved krigsutbrotet i 1940 var framleis Farsunds Avis likevel større enn avisa Vest-Agder.

Avisa Vest-Agder blei stogga under andre verdskrigen, men i 1945 prøvde avisa å kome tilbake. Avisa vart møtt av stor velvilje og byrja med to utgåver i veka. Richard Holmesland frå Farsund leidde avisa i eit par år. Han blei etterfølgd av H. Holst-Roness frå Haugesund, som gjorde sitt beste for å gi avisa nytt liv med ny setjemaskin og tre utgåver per veke.

Roness gav etter omlag sju år opp og drog tilbake til Haugesunds Avis. Han blei etterfølgd av Per Håland og seinare av Kåre Hansen. Opplaget stod i ro, med vel 1200 abonnentar. Etter stadige økonomiske problem vedtok styret å avvikle drifta, då drivkrafta bak avisa, Karl Briseid, døydde. Briseid hadde halde liv i bedrifta dei siste åra, med sine eigne pengar.

Opplag

År Opplag
1950 1000

Fakta

  • Fyrste nr. 5.4.1934. Foreløpig siste nr. 4.7.1940.
  • Fyrste nr. 25.7.1945. Siste nr. 12.1.1963.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg