Faktaboks

Vestlandsnytt
Offisielt namn
Vestlandsnytt AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Fosnavåg
Dagleg leiar
Endre Ivar Vorren
Styreleiar
Frank Emblem
Vestlandsnytt logo
Vestlandsnytt logo
Vestlandsnytt.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Olav Aurvoll

Redaktør Olav Aurvoll under parafinlampa i ein kjellar. Typisk for dei fleste små lokalavisene på den tida var at dei nytta enkel teknologi, dvs. produserte avisene sine med enklare hjelpemiddel enn det som var tilgjengeleg. Til liks med mange andre små aviser blei Vestlandsnytt sett for hand og sendt til trykking opptil fleire mil frå utgjevarstaden. Vestlandsnytt blei den førstetida sendt til trykking i Ålesund. Arbeidet med avisa kravde mykje dugnadsarbeid, både av familien og andre. Seinhaustes 1935 fekk dei sitt eige prenteverk, men det var handdrive. Etter vel eit år fekk dei knyte seg til eit straumaggregat som skaffa lys og drivkraft.

Olav Aurvoll
Vestlandsnytt.

Opplagstall for Vestlandsnytt, 1986-2023

1986 4239
1988 4632
1990 4733
1991 4747
1992 4817
1993 4900
1994 4907
1995 4922
1996 5013
1997 5132
1998 5202
1999 5420
2000 5446
2001 5451
2002 5403
2003 5412
2004 5419
2005 5391
2006 5357
2007 5393
2008 5406
2009 5320
2010 5228
2011 5120
2012 5040
2013 4884
2014 4767
2015 4652
2016 4423
2017 4360
2018 4454
2019 4569
2020 4507
2021 4598
2022 4628
2023 4595
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Vestlandsnytt er ei lokalavis i Fosnavåg som kjem ut i papirformat to gonger i veka, elles som dagleg oppdatert nettavis. Vestlandsnytt dekkjer Herøy og Sande kommunar. Eigar er Polaris Media. Vestlandsnytt er den nest største bygdeavisa i Møre og Romsdal, berre slått av Møre-Nytt i Ørsta.

Digitalt

Vestlandsnytt starta med nettutgåve i 2018. Avisa hadde i fjerde kvartal i 2023 registrert i gjennomsnitt 9299 daglege lesarar på papir og nett, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Herøy fekk si lokalavis i 1935. Denne avisa var i høg grad eit produkt av innsatsen til ein avisgründar, Olav Aurvoll. Han kom frå nabokommunen Sande og var frå ungdommen av fast bestemt på å starte ny avis, same kor. Valet fall til slutt på Fosnavåg, kommunesenteret i Herøy, og prøvenummeret av den nye avisa Vestlandsnytt kom ut 11. januar i 1935. Utanom Herøy skulle avisa også dekkje nabokommunane Sande og Rovde (sistnemnde er no ein del av Vanylven kommune).

Redaktør Aurvoll satsa på lokalstoff , men også på variert stoff frå Noreg og utlandet, og ikkje minst allment opplysningsstoff. Den første tida blei avisa trykt i Ålesund, og det tekniske utstyret var enkelt. Men avisa slo an, og opplaget har auka jamt og trutt heilt til på 2000-talet. Men at ei lokalavis blir populær, vil ikkje seie at ho er lett å gje ut. Også denne avisa måtte slite. Ho har vore avhengig av dugnadsinnsats og kunne stoppe heilt opp i periodar.

I 1951 forlét Aurvoll Herøy og drog til Rosendal i Hardanger for å starte lokalavisa Grenda der. Dei som overtok var forfattaren Bjarne Rabben og den unge skulemannen Frantz G. Frantzen. Like etter drog Frantzen til Volda for å ta lærarutdanning. Då han kom tilbake til heimstaden, tok han på seg ansvaret med å gje ut og redigere avisa, og gav avkall på læraryrket. Men avisa sleit, og det var full stopp i nesten heile 1956, før avisa igjen kom i eit nokonlunde normalt lege. Men helsa til redaktør Frantzen skranta, og han døydde i 1976, berre 49 år gammal.

Då stod sonen, Fred Frantzen, klar til å overta, 24 år gammal. Han var også ein svært god fotballspelar. Som andre lokalaviser var også Vestlandsnytt med på den rivande tekniske utviklinga dei siste tiåra: fotosats, offset, tabloidformat og datateknologi i heile produksjonsprosessen og administrasjonen.

I 1987 blei Fred Frantzen avløyst av Jann Flatval. Franzen var fortsatt eigar fram til Sunnmørsposten kjøpte alle aksjane i 2017. Dermed blei Vestlandsnytt del av konsernet Polaris Media. Då Flatval gjekk av med pensjon, tok Endre Vorren over som redaktør.

Opplag
År Opplag
2006 5357
2009 5320
2012 5040
2015 4652
2017 4360
2020 4507
2022 4628
2023 4595

Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.

Fakta

  • Fyrste nr. 11.1.1935, fyrste red. Olav Aurvoll.
  • Førebels siste nr. 20.6.1942.
  • Fyrste nr. etterkrigen 16.5.1945–31.12.1955.
  • Starta opp att 23.1.1957

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Vestlandsnytt
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg