Vestnesavisa er ei lokalavis for Vestnes kommune i Møre og Romsdal, i papirformat ein gong i veka, og ellers som dagleg oppdatert nettavis.
Vestnesavisa kom med første nummeret som abonnementsavis 26. juli 1989. Før den tid hadde avisa eksistert som gratisavis i om lag fem år. Vestnesavisa AS er eigar av avisa. Avisa vert prenta ved Polaris Trykk i Ålesund.
Avisa dekkjer både små og store hendingar i nærmiljøet i Vestnes. Ho er redigert både på bokmål og nynorsk. Vestnesavisa er også medlem av organisasjonen Landslaget for lokalaviser.
Olav Hole var redaktør for avisa frå 1989 til 2011. Frå april 2011 og ut 2018 var Helene Henriksen redaktør. Torstein Sønstabø vart redaktør i 2019.
Opplagsutvikling | |
---|---|
År | Opplag |
1990 | 1510 |
1995 | 1656 |
2000 | 1753 |
2005 | 1902 |
2010 | 1934 |
2015 | 1827 |
2018 | 1619 |
2020 | 1592 |
2022 | 1399 |
2023 | 1328 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 blir det nytta netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.
Kommentarar (2)
skreiv Skafti Helgason
Hei Eg ser redaktøren Helene Henriksen er fjerna frå omtale i artikkelen. Ho var redaktør frå april 2011 då ho tok over etter Olav Hole til og med desember 2018.
svarte Erik Bolstad
Vi held på å fjerne info om redaktørar i alle avis-artiklane. Vi flyttar informasjonen til faktaboksen, slik at det kan oppdateres automatisk frå Brønnøysundregistra.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.