Faktaboks

Vikebladet Vestposten
Offisielt namn
VIKEBLADET VESTPOSTEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Ulsteinvik
Dagleg leiar
Linda Berit Eikrem
Styreleiar
Frank Emblem
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Vikebladet Vestposten er ei lokalavis i Ulsteinvik som kjem ut i papirformat to gonger i veka, elles som dagleg oppdatert nettavis. Vikebladet Vestposten er lokalavis for Hareidlandet på Sunnmøre, med Ulstein og Hareid kommunar som dekningsområde. Avisa er eigd av Polaris Media AS.

Vikebladet Vestposten hadde i fjerde kvartal 2023 registrert i gjennomsnitt 8575 daglege lesarar på papir og nett, etter opplysningar frå Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

21. januar 1929 kom det første nummeret av lokalavisa Vikebladet ut i Ulsteinvik. Utgivarar var Johs. H. Thorkildson og Erling Bjørnsen. Dei var boktrykkjarar og trykte avisa i sitt eige trykkjeri. Avisa kom ut ein gong i veka. Etter kort tid stod berre Thorkildson igjen som utgivar og bladstyrar. I opningsartikkelen heitte det at bladet skulle vere «upolitisk».

Det skulle ikkje støtte noko bestemt parti, men vere ope for ulike politiske syn, og ikkje minst for «innlegg om alt som kan vera til gagn på ein eller annan måte for bygderne». Elles ville utgivarane «melda om det som gjeng fyre seg både her i bygderne og i landet elles» og vere eit lysingsblad både for eigen kommune og for nabokommunane. Dette var ei tid då lokalavisene enno ikkje hadde begynt å spesialisere seg på det heilt lokale stoffet, men dekte både det lokale, det nasjonale og det internasjonale.

Avisa blei godt motteken – av både abonnentar, innsendarar og annonsørar. Fire år etter torde bladstyraren påstå at bladet blei lese av «størsteparten av folket i Ulsteinvik, Hareid og dei fleste nabobygdene».

Vikebladet kom ut under heile den tyske okkupasjonen. I 1977 blei avisa gjord til aksjeselskap, med spreidd eigarskap. Samtidig gjekk ho over til offset og til å kome ut to gonger i veka (frå 1987 tre gonger).

I nabobygda Hareid sende brørne Johan og Magne Grimstad ut nokre stensilerte prøvenummer av ei ny avis dei kalla H‑bladet i 1962. Avisa skifta deretter namn til Bygda og blei trykt som andre aviser, men varte berre til nyåret i 1963.

Hausten 1970 blei det gjort eit nytt forsøk, og brørne Ivar, Arne, Magne og Inge Grimstad sende ut eit prøvenummer av Vestposten til alle husstandane i Hareid kommune. Den nye avisa synte seg å ha livets rett, og ho var raskare ute enn konkurrenten til å nytte offset. Men avisa sleit med økonomien. I 1979 kom Sunnmøre Arbeideravis inn på eigarsida, men då denne avisa gjekk inn i 1985, overtok Sunnmørsposten aksjane.

I 1988 tok Hareid næringslag initiativ til samarbeid mellom dei to avisene på Hareidlandet, og det kom til tingingar. Sommaren 1989 kjøpte Vikebladet opp selskapet Vestposten AS, og i 1989 blei dei to avisene slått saman til lokalavisa Vikebladet Vestposten, som frå då av har vore lokalavisa for heile Hareidlandet, med kommunane Hareid og Ulstein.

Opplag

Opplagstall for Vikebladet Vestposten 1986-2023

1986 3466
1988 3508
1990 4520
1991 4524
1992 4674
1993 4675
1994 4634
1995 4690
1996 4722
1997 4861
1998 4890
1999 4996
2000 5000
2001 4936
2002 4782
2003 4796
2004 4765
2005 4609
2006 4597
2007 4628
2008 4504
2009 4444
2010 4421
2011 4392
2012 4313
2013 4119
2014 3966
2015 3796
2016 3768
2017 3660
2018 4117
2019 4263
2020 4244
2021 4494
2022 4576
2023 4639
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1932 1000
1979 2645
1990 4520
1998 4890
2008 4504
2010 4421
2012 4313
2016 3647
2017 3660
2018 3912
2019 4263
2020 4244
2022 4576
2023 4639

Til og med 2015 gjeld opplagstala for papiravisa. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Fakta

  • Vikebladet: fyrste nr. 21.1.1929. Siste nr. 31.8.1989.
  • Vestposten: prøvenummer hausten 1970, fyrste ordinære nr. 22.1.1971.
  • Vikebladet/Vestposten: fyrste nr. 5.9.19.1989.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Vikebladet Vestposten
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg