Hopp til innhold

Andvake

Andvake, blad på landsmål som kom ut i Kristiania frå januar til juni i 1871. Det var tredje årgangen av bladet Svein Urædd.

Svein Urædd kom med første nummeret 9. desember 1868. Det var skipa og redigert av studentane Oskar Norman Eng, Lars Holst og Steinar Schjøtt og av læraren Olav Flaaten. Frå januar 1871 kom bladet ut under namnet Andvake, med undertittelen «Trie Aargangen av 'Svein Urædd'». Steinar Schjøtt og Werner Werenskiold var no redaktørar.

Svein Urædd hadde i hovudsak følgt Aasen-normalen. Andvake gjekk bort frå Aasen-norma og ville bruke former som låg nærmare uttalen. Men formene sprikte.

Mellom abonnentane var Ivar Aasen. I april 1871 skreiv han eit lengre brev der han seier opp abonnementet, med ein bitande kritikk av språket og språksynet i bladet. Kladden er bevart, men det er uvisst om han sende brevet.

Siste nummeret av Andvake kom 17. juni 1871. Bladet vart 1. juli 1871 avløyst av Fram, redigert av Olaus Fjørtoft.

Kjelder

Andvake, Kristiania 1871

Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Eit stutt soge-oversyn», i Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923

Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010

Svein Urædd, Kristiania desember 1868–desember 1870

S. [Steinar Schjøtt]: «Til ein og anna av Maalmennerne», Fedraheimen 4.9.1878

Kjell Venås: Då tida var fullkomen. Ivar Aasen. Oslo 1996

Ivar Aasen: Brev og dagbøker, ved Reidar Djupedal, bd. 2. Oslo 1958

Ivar Aasen: Skrifter i samling, bd. I. Kristiania og Kjøbenhavn 1911

Peikarar

Oppseiingsbrev frå Ivar Aasen til redaksjonen i Andvake, april 1871, aasentunet.no

«Til ein og anna av Maalmennerne», Steinar Schjøtt om Svein Urædd, Andvake og Fram i Fedraheimen 4.9.1878 (nr. 56), aasentunet.no

Først publisert: 31.12.2011
Sist oppdatert: 13.02.2018