Hopp til innhold
X
Innhald

Askøy Tidend

Askøy Tidend, lokalavis med kulturell og historisk profil, som kom ut på Askøy frå 1950 til 1984.

Det var Askøy Handverkarlag som i 1946 tok initiativet til å skipe Askøy Tidend, og det første nummeret kom 22. desember 1950. Før den tid fanst det ikkje noka lokalavis i kommunen, og interessa for etableringa var difor stor. Over 2000 abonnement var teikna allereie ved første utgåva.
Redaktør for avisa gjennom 28 år, frå 1950 til 1978, var læraren, forfattaren og målmannen Conrad Clausen. Gjennom avisa arbeidde han for folkeopplysingstanken, og han meinte at den viktigaste oppgåva for lokalavisa var å tene og styrkje lokalsamfunnet.
Avisa vart i hovudsak redigert på nynorsk. Ho var prega av grundig og undersøkjande journalistikk, med stort innslag av kulturelt og historisk stoff. Samstundes fekk avisa kritikk for at ho la for lite vekt på dagsaktuelle nyhende, noko som delvis kom av at ho kom ut berre kvar fjortande dag.
Askøy Tidend fekk hard konkurranse då den nye avisa Askøyværingen kom i 1978. Både Askøy Tidend sin overordna profil og synet på saker som fråhaldssak og målsak vart utfordra, i ei tid då nye tankar fekk innpass til fordel for gamle striletradisjonar. Askøyværingen kunne tilby lesarane ferske nyhende, gjennom eit langt meir moderne journalistisk preg.
I 1984 gjorde økonomiske vanskar at det var nødvendig med ei samanslåing av dei to avisene. Før avtalen vart realisert, gjekk Askøy Tidend konkurs, med ei gjeld på 560 000 kroner.
Kjelder
Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo 2010
Tom-Stian Karlsen: «Samlar historisk trykksverte», Askøyværingen 10.3.2009
Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973
Jan Landro, artikkel i Bergens Tidende 20.11.2002: http://www.bokreidingslaget.no/bokmelding.php?bok=minneskrift_conrad_clausen [lesedato 15.2.2012]
Peikarar

Askøy museumslag har innbundne utgåver av avisa mellom 1950 og 1980

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 07.08.2019