Hopp til innhold
X
Innhald

Askøyværingen

Askøyværingen, oppretta 3. oktober 1978, er ei politisk uavhengig lokalavis for Askøy. Ho kjem ut éin gong i veka, på torsdagar. 

Då avisa blei etablert, hadde Askøy ei lokalavis som kom ut frå 1946, Askøy Tidend, men denne avisa kom vanlegvis ut berre annakvar veke. Planen var å slå Askøy Tidend saman med Askøyværingen i 1984, men Askøy Tidend gjekk konkurs før samanslåinga blei gjennomført.

 

Det var journalisten Jostein Ravnøy som starta Askøyværingen, og han var den første redaktøren. Avisa var moderne både med omsyn til journalistikk, biletbruk, stoffval og moderne avisteknikk og layout. Hovudspråket var bokmål, men innslaget av nynorsk har alltid vore til stades, og er i 2018 større enn tidlegare. Askøy-samfunnet var i 1970-åra i endring frå eit typisk bygdesamfunn til eit samfunn som mellom anna blei prega av nye verksemder, innflyttarar frå Bergen og betre ferjekommunikasjon med byen. Då Askøybrua kom i 1992, gjekk kommunen inn i ein demografisk vekstperiode, og dette fekk positiv verknad for avisopplaget.

 

Opplaget steig frå 4239 i 1978 til 5483 i 2006. Som for dei fleste norske aviser gjekk opplaget frå dette tidspunktet nedover, i Askøyværingen til 3420 i 2016. I 2017 auka opplaget fordi det dei siste åra har vore teke mange grep for å få til ein auke. Frå juni 2016 har avisa hatt reine digitale abonnement, og denne veksten var på 441 i 2017, medan papirabonnementa gjekk ned med 123. Den totale veksten var 12,9 %.

 

I slutten av 1980-åra overtok avishuset Bergens Tidende som hovudeigar, gjennom AS Lokalavisene. Det galdt også fleire lokalaviser i distriktet. Frå 2004 har Schibsted vore hovudeigar, etter eit oppkjøpsraid av lokal- og fagaviser i Hordaland, og Askøyværingen er i 2018 ein integrert del av Schibsted.

 

Askøyværingen er medlem i Landslaget for lokalaviser, Mediebedriftenes Landsforening og Hordaland Avis- og Medieforening.

 

Avisa har fått fleire prisar. I Landslaget for lokalaviser si kåring i 2016 fekk ho prisen for Årets lokalavisfoto og prisen for Årets digitale satsing, det siste for valdekninga i 2015. Initiativtakar og innovatør var Askøyværingen, men Bergens Tidende og tre lokalaviser i distriktet var med i prosjektet. I 2016 fekk Askøyværingen prisen for Årets framside av Mediebedriftenes Landsforening, for framsida 23. april 2015, og i 2017 fekk avisa tildelt Sølvparaplyen 2016 av Bergen journalistlag for Årets lokale sak.

 

Redaktør sidan 2017 er Marit Kalgraf, som også er redaktør for Vestnytt. Ansvarleg redaktør er Terje Olsen.

 

Kjelder

Telefonsamtale med Marit Kalgraf, redaktør i Askøyværingen, 26.1.2018

 

«Askøyværingen», Hordaland Bladeigarlag 75 år. 1927–2002. Stord 2002

Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4: Norske aviser fra A til Å. Oslo 2010

 

Tom Stian Karlsen: «Askøyværingen med eventyrlig opplagsvekst», av-avis.no, publisert 7.3.2018: https://www.av-avis.no/nyheter... [lesedato 15.3.2018]

Liv Strømme: «Festar grepet om Vestnytt og Askøyværingen», tunnelsyn.no, publisert 11.8.2016: https://tunnelsyn.no/2016/08/11/festar-grepet-om-vestnytt-og-askoyvaeringen/ [lesedato 15.1.2018]

 

Peikarar

Nettstaden til Askøyværingen 

Først publisert: 16.04.2018
Sist oppdatert: 16.04.2018