Hopp til innhold
X
Innhald

Aura Avis

Aura Avis på Sunndalsøra har levd i tøff lokal aviskonkurranse og har ikkje vore redd for å gå sine eigne vegar. I 1972 var ho den einaste Ap-avisa som gjekk imot norsk EF-medlemskap, i strid med partilinja.

Aura Avis kom ut med det første nummeret 26. august 1947 på Sunndalsøra. Avisa er oppkalla etter elva Aura i Nesset kommune, og som sidan 1949 har gitt kraft til industri i Sunndal kommune.

 

Avisa blei til etter at den første utgivaren og redaktøren, Erling Innvik, blei kasta ut av avisa Nordmøringen og svarte med å grunnleggje si eiga, konkurrerande avis.

 

Aura Avis kom ut to gonger i veka og fekk raskt nye abonnentar og medarbeidarar fleire stader på Nordmøre. Den første tida låg ho i hard konkurranse med Nordmøringen, ikkje minst om annonsørar. Etter kvart fekk ho overtaket, både på lesar- og annonsemarknaden, medan Nordmøringen enda sine dagar i 1959.

 

I 1954 emigrerte Erling Innvik til USA og blei redaktør av Decorah-posten. Aura Avis blei då kjøpt opp av Norsk Arbeiderpresse A/S. Seinare overtok Einar Sæter som redaktør. Han hadde bakgrunn frå Nordlys og Arbeidernes Pressekontor, og snudde underskot til overskot. Som redaktør uttrykte han gjerne sine eigne meiningar, sjølv om dei ikkje alltid fall saman med Arbeidarpartiet sine. Rundt 1970 markerte han seg som ein aktiv miljøvernar, mellom anna mot utbygginga av Innerdalen. Dette var meir enn det mange i partileiinga sette pris på, og forholdet blei ikkje betre ved at han også dekte den lokale politikken på ein meir sjølvstendig måte enn det den lokale politiske leiinga i den Ap‑styrte Sunndal kommune sette pris på.

 

Dermed braut også denne redaktøren med avisa si og grunnla si eiga, konkurrerande avis, Driva, i 1971. Men dette brotet førte ikkje til dei same bitre konfliktane som det første. Aura Avis svarte med å ruste seg for den komande konkurransen, mellom anna ved raskt å gå over til offset og tabloidformat. Som ei følgje av dette kunne avisa rapportere om aukande lesaroppslutning, ikkje minst på utgivarstaden Sunndalsøra. Men den nye konkurrenten, Driva, greidde seg òg bra.

 

Aura Avis har gjennom heile si historie vore ei meir reindyrka lokalavis for Sunndalsøra og Sunndal kommune. Bortsett frå Sunndal dekkjer Aura Avis også Tingvoll kommune. Tidlegare har avisa også dekka Nesset.

 

I 1972 gjorde Aura Avis seg landskjend ved å vere den einaste A‑presseavisa i landet som redaksjonelt tok standpunkt imot norsk medlemskap i EF/EEC. Trass i denne åleinegangen blei Aura Avis verande ei del av A‑pressa.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 30.10.2017
Sist oppdatert: 29.11.2017