Hopp til innhold
Avisa Hordaland sin logo.
Avisa Hordaland sin logo.
X
Innhald

Avisa Hordaland

Hordaland, avis utgitt på Voss, grunnlagd i 1883 og er i dag den eldste nynorskavisa i landet.

Avisa Hordaland vart skipa i 1883 av Voss 17. maiforening. Dei første ti åra bar avisa namnet Vossabladet. Ho sokna lenge til Venstre, men sidan 1972 har ho vore partipolitisk uavhengig. Nedslagsfeltet er kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. Merkesakene har vore Venstrestandpunkt, målsak, edruskap og folkeopplysning.
Dei første redaktørane var Lars J. Lie og Ivar J. Rivenæs 1883–88. Så følgde P.J. Melvær 1888–1892, Nils Bjørgum 1892–98, Olaus Alvestad 1898–1903, Ludvig Bru 1903–1921 og Haakon Nakling 1921–22. Lengst i redaktørstolen sat David Gjerme, frå 1922 til 1969. Etter han kom Olav Skram 1969–1986 og Sigmund Midttun, som redigerte avisa frå 1. mai 1986 til 1. mai 2012. Konstituert redaktør frå 1. mai 2012 var Geir Geitle.  I september 2013 vart Elin Madsen tilsett som redaktør, den første kvinna i redaktørstolen.

Frå 1978 og over 25 år frametter heldt Hordaland seg med sin eigen markante avisteiknar, Ivar Kvåle («Kvaolsknipo»).
Avisa blir redigert på nynorsk, etter at ho i 1908 skifta frå dansk-norsk. Ho heldt lenge fast på gotisk skrift, fraktur. Først hausten 1928 gjekk ho over til latinsk skrift, som den siste av nynorskavisene.
Hordaland kjem ut tre gonger i veka. Kvart nummer er som regel på 28 sider. I oktober 2003 gjekk avisa over til tabloidformat. Dei siste ti åra har opplaget lege på rundt 9500 og i 2013 var godkjend nettoopplag 8748.
.
Avisa har 36 tilsette, som representerer 30 årsverk. Eit familieaksjeselskap er utgjevar. Astrid Kløve-Graue er hovudeigar og Ingrid Kløve-Graue dagleg leiar. Avisa har nettutgåve og kjem òg som e-avis.
Kjelder
Sigmund Midttun, redaktør, e-post 22. februar 2012
Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Eit stutt soge-oversyn.» I Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
TE [Terje Eggum]: «Hordaland». I Idar Flo (red.): Norsk presses historie, bd. 4. Oslo 2010
Johannes Gjerdåker: Med «Hordaland» gjennom 100 år. Voss 1983
Johannes Gjerdåker: «Mot rikare mål å trå. Blad og aviser på Voss 1871–1990-åra». I Johannes Gjerdåker: Ålmenn soge for Voss. Frå 1800 til vår tid, bd. 2. Voss 1991
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Per Håland: «Den nynorske pressa». I Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
"Her er den nye redaktøren", http://www.avisa-hordaland.no/lokalnytt/article6834541.ece


Peikarar
Nettstaden til avisa Hordaland

Først publisert: 24.05.2012
Sist oppdatert: 06.04.2018