Hopp til innhold
Bergens Tidende-klokka på Bergen stasjon.
Bergens Tidende-klokka på Bergen stasjon.
X
Innhald

Bergens Tidende

Bergens Tidende er det radikale Venstre-bladet som blei storavisa på Vestlandet. Både redaksjonelt og økonomisk er Bergens Tidende det leiande norske mediehuset utanfor Oslo.

Straks annonseprivilegiet til Bergens Adressecontoirs Efterretninger var oppheva, var boktrykkjar Johan Wilhelm Eide ute med det første ordinære nummeret av Bergens Tidende, 2. januar 1868. Avisa skreiv seg inn i ein liberal tradisjon, med ambisjonar om å gi sitt bidrag til ein opplyst samfunnsdebatt. I eit prøvenummer presenterte boktrykkjaren også ein litterær føljetong for å «især paaregne Damernes Yndest og Bevaagenhed».

Bergens Tidende (BT) markerte seg tidleg som ei politisk markant avis, meir radikal enn den viktigaste konkurrenten, Bergensposten. BT ville vere «et rent Venstre-blad», som Eide formulerte det, medan han også understreka at avisa skulle stå for eit «uafhengig og frisindet Standpunkt».

 

Etter Venstre sin valsiger i 1894 fekk BT folket sin gunst. I referatet frå feiringa heitte det at «... velvillige hænder truet med at løfte herværende blads redaktør paa gullstol ...», og at ei svær folkemasse med norske flagg hylla avisa «på den mest smigrende maade».

I 1894 kunne BT overta Bergensposten, og fire år seinare kunne den framgangsrike avisa ta i bruk den første rotasjonspressa i Bergen. Bergensbrannen i 1916 la både utstyret og lokala til avisa i oske, men ho reiste seg etter «den grufulle røde natt».

Avisa sitt ansikt endra seg frå 1913, då det var slutt på den einerådande dominansen som annonsane hadde på førstesida. Eit meir moderne formspråk, med titlar over fleire spalter og med bilete, og dessutan bruk av intervju, slo igjennom i mellomkrigstida i BT, som i mange andre aviser.

Bergens Tidende blei Venstre sitt hovudorgan vestpå og snart også storavisa på Vestlandet. Frå rundt første verdskrigen var avisa den største i Bergen. Opplaget nådde 18 000 midt i 1920-åra og var oppe i det doble i 1938. Bergens Tidende kom ut under heile krigen, frå 1942 med redaktør innsett av okkupasjonsmakta. I 1940 hadde avisa eit opplag på 35 220. I 1943 blei opplaget stipulert til ca. 43 000, og i 1949 var BT oppe i eit opplag på 47 522. I 1987 og 1988 sette BT opplagsrekord, med så vidt over 100 000. Men ved 140-årsjubileet (2008) var avisa nede i eit opplag på 86 000, og tilbakegangen for papiravisa har halde fram, på linje med utviklinga for andre riks- og regionaviser.

Posisjonen som den dominerande medieaktøren på Vestlandet er likevel framleis sterk. BT framstår som eit moderne mediehus, med sterk satsing på nye digitale plattformer, og med styrke til å gå i allianse med tungvektarane i bransjen. BT var ein pådrivar for etableringa av selskapet Media Norge, saman med Aftenposten, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen. I dag er dette selskapet ein del av Schibsted-konsernet.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 03.01.2018