Hopp til innhold
Logoen til Bø blad. Nytta etter avtale.
Logoen til Bø blad. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Bø blad

Bø blad er ei lokalavis for Midt-Telemark kommune i Vestfold og Telemark fylke. Avisa blei grunnlagd i 1986. I tillegg til nettutgåve kjem Bø blad ut som papiravis éin gong i veka.

Bø blad blei grunnlagt 27. august 1986 av journalist og tidlegare stortingsrepresentant Arne Kielland. Han var redaktør fram til han døydde i 2003. Tone Anne Ødegård var redaktør frå 2003 til 2006. Sidan då har Hilde Eika Nesje vore redaktør.

Fram til 1985 var behovet for avis i Bø delvis dekt av Telemarkingen. Då den avisa gjekk konkurs i 1985, fekk mange aktørar i lokalsamfunnet behov for ein ny og god kommunikasjonskanal. I august 1986 blei Bø blad stifta som eit aksjeselskap. Både lokale bedrifter, bankar, organisasjonar og enkeltpersonar gikk inn som aksjonærar. Det gjorde også dåverande Bø kommune.

Frå januar 2018 fekk abonnentane tilgang til avisa digitalt, i første omgang som e‑avis. I desember 2019 blei Bø blad ei fullverdig nettavis, i tillegg til at ho kjem ut på papir éin gong i veka. Det har ho gjort sidan starten. Frå 1. januar 2020 er nedslagsfeltet for avisa utvida. Då blei Bø kommune slått saman med Sauherad kommune til Midt-Telemark kommune.

Redaksjonsspråket i Bø Blad er nynorsk, og avisa er pådrivar for bruk av nynorsk og lokal dialekt i lokalmiljøet. Avisa oppmodar næringslivet i kommunen til å marknadsføre seg på nynorsk. Avisa gir jamvel språkleg støtte til marknadsføringa. I 2018 fekk Bø blad Målblomen frå Noregs Mållag for denne innsatsen.

 

 

Kjelder

Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010

Arne Kielland: Om å lage kommuneavis. Bø blad, TDH-skrift nr. 129. Bø 1988

 

Bø blad: «Om oss», boblad.no: https://boblad.no/om-bo-blad/om-oss/ [lesedato 30.1.2020]

Nynorsk Pressekontor: «Målheider til lokalavis i Telemark», firdatidend.no, publisert 12.4.2018: https://www.firdatidend.no/nyhende/malheider-til-lokalavis-i-telemark/ [lesedato 30.1.2020]

 

Peikarar

Laila Borge: «Bø blad: Endeleg konkurransedyktig også på nett», lla.no, publisert 3.12.2019

Bø blad, Facebook-side

Først publisert: 14.10.2020
Sist oppdatert: 14.10.2020