Hopp til innhold
X
Innhald

Bokmålsordboka

Bokmålsordboka, definisjons- og rettskrivingsordbok for bokmål, utarbeidd ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet. Ordboka er den første ordboka for bokmål, og ho er systerordbok til Nynorskordboka.

Den første utgåva av Bokmålsordboka kom i 1986. Arbeidet tok til i 1974, etter at Norsk språkråd året før vedtok å utarbeide handordbøker for bokmål og nynorsk i samarbeid med Norsk leksikografisk institutt. Begge institusjonane lønte redaktørar til arbeidet, medan sjølve redigeringsarbeidet vart gjort ved instituttet. Ordbøkene viser offisiell rettskriving og bøying, har opplysningar om uttale, ordhistorie, definisjonar, faste uttrykk og døme på bruk. Stilistiske markeringar er brukte i liten mon.
 
Kvar ordbok hadde sin redaksjon, men redaksjonane følgde dei same redigeringsreglane og bygde på manuskripta til kvarandre undervegs. Bøkene fekk likevel noko ulikt omfang. Bokmålsordboka har noko over 65 000 oppslagsord, Nynorskordboka drygt 90 000. Nynorskordboka er større fordi ho har med målføreord som er kjende i minst tre fylke og har også fleire samansetningar enn Bokmålsordboka.
 

Nye utgåver

Norsk språkråd gjorde lenge årvisse mindre endringar i rettskrivinga, og nye ord vart normerte etter kvart som dei kom inn i norsk. Systemendringar og forandringar av skrivemåten eller bøyinga av ord som var normerte frå før, måtte godkjennast av departementet. Ordbøker og ordlister måtte oppdaterast hyppig for å vere à jour.
 
Nye utgåver av Bokmålsordboka kom i 1993, 2004 og 2005. I den andre utgåva, frå 1993, vart det teke inn ein del nyord og andre ord som ikkje var med i 1986-utgåva. Nokre nye ordtydingar kom med, og det vart lagt inn fleire bruksdøme. I tredje utgåva frå 2004 kom det med ei mengd ord som heng saman med samfunnsutviklinga dei siste tiåra. Utgåva fekk eit kort liv. Frå 1. juli 2005 fastsette Kultur- og kyrkjedepartementet, etter ein lengre prosess, rettskrivingsendringar i bokmål. Det var den mest omfattande reforma sidan 1981. Skiljet mellom hovudformer og sideformer fall bort, ein del lite brukte former vart tekne ut av rettskrivinga, og nokre mykje brukte tradisjonelle former kom inn. Utgåva frå 2005 er ajourført med desse rettskrivingsendringane.
 

15. juni 2016 tok Universitetet i Bergen over ansvaret for å drifte Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nett, etter at Universitetet i Oslo i 2014 varsla at dei ville leggje ned språksamlingane.

 

Den første ordboka for bokmål

Dei to første utgåvene av Bokmålsordboka vart redigerte av Marit Ingebjørg Landrø og Boye Wangensteen og vart gitt ut på Universitetsforlaget. Dei to siste er redigerte av Boye Wangensteen og er gitt ut på Kunnskapsforlaget.
 
Bokmålsordboka er den første ordboka for bokmål. For riksmål fanst frå før Riksmålsordboken (1977), med om lag 52 000 oppslagsord. Både Bokmålsordboka og Nynorskordboka finst gratis som nettordbøker.
 

Kjelder

Bokmålsordboka (1986–2005)
Anne Engø: «Bokmålsordboka og Nynorskordboka på Internett», Ord om ord, nr. 5/1999
Marit Hovdenak: «Arbeidet med ordbøker i Språkrådet», Språknytt nr. 2/1997
Oddvar Nes: [Bokmålsordboka og Nynorskordboka], Maal og minne 1987
Boye Wangensteen: «Ny utgave av Bokmålsordboka». Ord om ord nr. 5/1999
Årsmeldingar frå Norsk språkråd og Språkrådet
 
Susanne Moen Stephansen: «40 millioner ord i boks», forskning.no, http://www.forskning.no/Artikler/2008/februar/1202931041.44 [lesedato 17.12.2009]
Susanne Moen Stephansen: «Nye ord i bokmål», forskning.no, http://www.forskning.no/Artikler/2008/februar/1202986228.43 [lesedato 17.12.2009]
 

Peikarar

Først publisert: 17.12.2009
Sist oppdatert: 06.03.2018