Hopp til innhold
X
Innhald

Bømlo-Nytt

Bømlo-Nytt, lokalavis for Bømlo, den einaste nynorskavisa som er grunnlagd av ei kvinne.

Det første nummeret av Bømlo-Nytt kom ut 30. august 1973. Avisa vart grunnlagd av Else-Marie Ovesen, som nyleg hadde flytta frå Bergen til Finnås på Bømlo. Der sakna ho eit annonseorgan for det lokale næringslivet. Ho fekk 6000 kroner i startstøtte frå kommunen, og bømlingane fekk si eiga avis. Ho laga avisa i sin eigen heim og fekk henne trykt i Ytre Arna. Etter berre seks veker hadde den nye avisa fått 1500 tingarar. I 1980 kunne avisa flytte inn i nye avislokale. I 1990 overtok sonen Stein Erik Ovesen som redaktør. Avisa kom først ut ein gong i veka, men utvida etter eit par år til to gonger, onsdag og fredag.
I 1989 fekk Bømlo-Nytt hard konkurranse frå gratisavisa Annonseposten, som i 1993 vart ei abonnementsavis og endra namn til Bømlo i Tekst og Bilde. Men avisa pådrog seg etter kvart eit stort underskot. I 1997 vart ho kjøpt opp av Bømlo-Nytt, som sidan har vore den einaste lokalavisa på Bømlo.
Bømlo-Nytt hadde i 2013 eit opplag på 3294 eksemplar. Redaktør er Randi Olsen. Avisa er eigd av Ovesen-familien og kjem no ut tre gonger i veka. Bømlo-Nytt har ei nettutgåve, men har ikkje satsa på den digitale journalistikken.
Målforma er nynorsk.
Kjelder
Idar Flo: «Bømlo-Nytt», Norsk presses historie 1660–2010, bd, 4. Oslo 2010
Idar Flo: Konkurranse mellom lokalaviser på fire ulike marknader i Noreg: Midhordland, Os og Fusaposten, Bygdebladet, Storfjordnytt, Bømlo-Nytt, Bømlo i Tekst og Bilde, Fjordenes Tidende og Fjordabladet. Arbeidsrapport, Høgskulen i Volda – Møreforsking, Volda 2002
Landslaget for lokalaviser, http://www.lla.no/ [lesedato 27.2.2014]

Peikarar

Først publisert: 27.02.2014
Sist oppdatert: 25.03.2014