Hopp til innhold

Breidablik

Breidablik, avis publisert mellom 1895 og 1920, eit viktig talerøyr for den frilynde ungdomsrørsla.

Skipa av dei frilynde ungdomslaga i Nord-Østerdalen, Røros og Gauldalen, skulle Breidablik fungere som eit organ for samfunnsdebatt, folkeopplysing og kamp for målsaka. Namnet på avisa var henta frå norrøn mytologi. Breidablik var namnet på Balder sin heim i Åsgard. Det første nummeret kom ut 1. februar 1895.
Avisa hadde ei rekkje ulike redaktørar. Først ut var Magnus Hamlander, som berre var 17 år gamal då han tok til i stillinga. Johannes Arneson tok over i 1898, etterfølgd av Edv. Nyrønning i 1900. I 1909 vart så Haakon Garaasen redaktør, frå 1910 i lag med B. Gausdal. Andre som hadde stillinga, var Olav Nielsen frå 1915, Einar Døhl frå 1916, Petra Kvisli frå 1917 og L.O. Sevilhaug frå 1918.
I åra under Hamlander hadde Breidablik ry på seg for å vera ei avis der det var vanskeleg å få spalteplass. Kvaliteten på både lyrikk og sakprosa skulle vere høg, og avisa vart såleis ein attraktiv plass å få noko på trykk. Breidablik fekk difor etter kvart ei rekkje markante nynorskdiktarar og nynorske litteratar knytt til seg, som etter kvart vart kalla Breidablik-krinsen. Olav Duun, Sven Moren, Per Sivle, Anders Hovden, Hans Seland og Anders Vassbotn skreiv alle for Breidablik.
Breidablik kom hovudsakleg ut ein gong i veka, men av og til sjeldnare på grunn av dårleg økonomi. På det meste hadde avisa om lag 1200 tingarar. Den siste utgåva under namnet Breidablik kom i 1920. I 1921 vart Breidablik og målavisa Bonden slått saman under namnet Austland, som heldt fram til 1965.
Kjelder
Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
T. Gjelten: «Breidablik, eit blad for frilyndt ungdom», Årbok for Glåmsdalen 29/1970
Per Grambo: Østlendingen. 1951
Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973
Gunnar Christie Wasberg: Norsk presse i hundre år. Bergen 1969

Først publisert: 06.12.2012
Sist oppdatert: 16.05.2018