Hopp til innhold
X
Innhald

Bygdanytt

Bygdanytt, lokalavis for Osterøy og bydelen Arna i Bergen, no eigd av Bergens Tidende.

Bygdanytt kom ut med det første nummeret 20. april 1951 og er den eldste lokalavisa i Hordaland. Avisa var opphavleg lokalblad for den tidlegare kommunen Haus, som no er slått saman dels med Bergen, dels med Osterøy.

I 1951 fanst det allereie ei lokalavis, Haus Bygdeblad, som kom ut første gongen i 1946. Men etter usemje i redaksjonen om korleis ting skulle gjerast, gjekk redaktøren, Sigurd Mjeldheim, ut og starta konkurrenten Bygdebladet, med seg sjølv som utgivar og redaktør. Seinare same året skifta avisa namn til Bygdanytt, men heldt på undertittelen «Upolitisk bygdeblad for Haus og næraste kommunar».

Haus Bygdeblad gjekk inn i 1953. Etterfølgjaren, Sambygdingen, skulle vere lokalblad for Haus og Åsane, men måtte gi seg allereie året etter. I 1996 fekk Bygdanytt ein ny konkurrent på Osterøy, Ostringen, men denne avisa måtte gi seg i 2007. Med unnatak av eit opphald i åra 1956 til 1959 har Bygdanytt kome ut heile tida sidan starten i 1951.

Avisa hadde frå starten av lokale eigarar. I 2005 vart ho kjøpt opp av Bergens Tidende.

Bygdanytt kjem ut tysdag og fredag i Arna og dekkjer Arna og Osterøy. Hallvard Tysse har vore redaktør sidan 1984, og redaksjonen tel seks medlemer.

I 2013 hadde avisa eit godkjent opplag på 4710 eksemplar. Avisa har både bokmål og nynorsk som redaksjonelt språk. Bygdanytt vart kåra til den beste lokalavisa i Europa i 2012.

Bygdanytt har ei moderne nettavis, som prioriterer nyhende.

Kjelder

Samtale med redaktør Hallvard Tysse 25.2.2011

Kjartan Rødland: «Bygdanytt», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010

Tom Arbo Høeg: Norske Aviser 1763–1969. Oslo 1973

Landslaget for lokalaviser, www.lla.no [lesedato 27.2.2014]

Peikarar

Nettstaden til Bygdanytt

Først publisert: 27.02.2014
Sist oppdatert: 26.04.2017