Faktaboks

Bygdebladet
Offisielt namn
BYGDEBLADET AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Ørskog
Dagleg leiar
Reidar Opsal
Styreleiar
Reidar Opsal
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Kjell Opsal
I 1977 kunne redaktør Kjell Opsal finne fram kakespaden og feire fem års drift. Bygdebladet har i alle år vore eigd av familien Opsal, og både søner og døtre har etter kvart vore med i drifta. Familien Opsal starta også Norild Forlag og Norild Records. Det opsalske forretningsimperiet på Sjøholt har vakse mykje sidan fyrste avisa blei laga blant koppar og kar, og det har i dag også eit kaféselskap og hotell i sin portefølje.
Kjell Opsal
Bygdebladet.

Bygdebladet er ei lokalavis på Sjøholt i Møre og Romsdal. Den vart grunnlagt i 1972 og kjem ut to gonger i veka. Avisa blir utgjeven av Bygdebladet AS og er lokalavis for kommunane Vestnes, Fjord og Haram, og dei tidlegare kommunane Ørskog og Skodje (no Ålesund). Redaktør sidan 2015 er Reidar Opsal.

Opplagstal i 2015 var 2474 for papiravisa og 2226 for sal av digitale abonnement og utgåver (Mediebedriftenes Landsforening).

Historie

Grunnleggar og tidlegare redaktør Kjell Opsal var fødd på Sjøholt, men tidleg på 1970-talet budde han i Ålesund og arbeidde som journalist i Sunnmøre Arbeiderblad. Denne avisa konkurrerte med Sunnmørsposten om lesarane også i Opsal si heimbygd. Det burde vere rom for ei meir lokal avis i denne nordlege delen av Sunnmøre, meinte Opsal. Berre utstyrt med ei brukt skrivemaskin som han hadde kjøpt for 100 kroner, flytta Opsal frå Ålesund til Sjøholt og gjekk i gang med planlegginga av det som skulle bli Bygdebladet, saman med kona Torill. Avisa skulle vere mot alt som lukta av sentralisering og uavhengig av politiske parti, ikkje ulikt mange andre lokalaviser som blei starta i denne tida. I juni 1972 køyrde ekteparet Opsal rundt og la prøvenummer av Bygdebladet i alle postkassene i Vestnes og storkommunen Ørskog der Sjøholt var kommunesenteret.

I september same året byrja avisa for fullt med ei utgåve i veka. Noko seinare på 1970-talet kom avisa ut to dagar i veka. Etter ein periode på slutten av 1980-talet med tre utgåver i veka, har Bygdebladet gått tilbake til å kome ut kvar onsdag og laurdag. Den fyrste tida blei avisa produsert heime på kjøkenbenken, og namna til abonnentane skrive for hand. Sidan har avisa kome inn i moderne lokale.

I tillegg til Haramsnytt (bytte namn til Nordre i 2013), som etablerte seg berre nokre månader før Bygdebladet, møtte etter kvart Kjell Opsal si avis også konkurranse frå anna hald. I 1989 blei VestnesAvisa etablert som vekeavis. Same året gjorde Storfjordnytt ein framstøyt mot Stordal. Resultatet av dei endra konkurranseforholda kan vi lese ut av opplagstala til Bygdebladet som gjekk ned frå om lag 3300 i 1988 til 2500 i 1990. Avisa er blitt trykt eit dusin ulike stader, både på Sunnmøre og i Romsdal. I 2010 var det Edda Trykk Nordvest AS som trykka Bygdebladet.

Opplag

År Opplag
1976 2237
1979 3046
1988 3295
1991 2589
1998 2540
2008 2847
2015 2474

Fakta

  • Prøvenummer 8. juni 1972, fyrste ordinære avis kom ut 7. september 1972.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Bygdebladet
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg