Faktaboks

Dag og Tid
Offisielt namn
DAG OG TID AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Svein Gjerdåker (ansvarleg redaktør)
Styreleiar
Sveinung Lindaas
Avishode til Dag og Tid
Avishode til Dag og Tid
Dag og Tid.
Helge Arild Bolstad
Helge Arild Bolstad frå Dale i Hordaland, her med eit ferskt eksemplar i hendene, var redaktør i Dag og Tid frå 1976 til 1985. I store deler av denne frodige perioden styrde han bladet saman med liberalaren Tor Gabrielsen, Bjarne Myrstad og Kjetil Tandstad. Kvinneleg redaktør fekk ikkje Dag og Tid før Arnhild Skre kom i 1990.
Helge Arild Bolstad
Dag og Tid.

Dag og Tid er ei vekeavis utgjeven i Oslo og den einaste riksavisanynorsk. Avisa blei stifta i 1962 og har sidan starten vore partipolitisk ubunden. Avisa er eigd av nær 900 aksjonærar.

Dag og Tid inneheld i stor grad debattstoff og kommentarar innan kultur og politikk. Avisa har få tilsette, men har knytt til seg om lag 50 journalistar og skribentar innanfor ulike fagfelt. Avisa kom i ei enkel digital utgåve i 2005, men vart vesentleg oppgradert i 2018. I tillegg til papirutgåve og nettutgåve har avisa ein podcast og tilbod om avisa som lydavis.

Føremålsparagrafen er enkel, han seier at avisa skal vere på nynorsk og partipolitisk ubunden. Redaktøren har stor fridom til å prege profilen, men avisa har nesten alltid vore radikal og motstraums.

Historie

På landsmøtet til Noregs Mållag i 1946 vart ideen om ei ny og uavhengig riksavis på nynorsk lagd fram av redaktør Asbjørn Øverås. Han meinte det var naudsynt med eit landsorgan for nynorsken. I 1961 gjorde avismannen Anton Beinset idé om til praksis i lag med Bondeungdomslaget i Oslo. Det skulle bli nynorskens svar på Newsweek, ei vekeavis på nynorsk, ikkje om nynorsk. Magne Rommetveit i førebuingsnemnda gav avisa same namn som eit NRK-program, til protestar frå kringkastingssjefen.

Avisa var i uregelmessig drift frå 1962. Dei innsamla midlane tok stadig slutt, interessa for ei slik avis var mindre enn ein trudde, og Bondeungdomslaget murra over radikalismen i avisa og stoppa pengestøtta.

Dei første seks åra var prega av dårleg råd og ei stadig utskifting av redaktørar, deriblant Olav Rytter, Ivar Eskeland og Bjørn Hervik. Dei to siste stod for ein liten skandale i 1966 då dei på leiarplass erklærde nynorsken for død, men den utgåva av avisa kom aldri ut fordi disponent Olav Engan stoppa avisa på trykkeriet. Ei tom pengekasse og redaksjonskonflikt tvinga fram eit skifte i avisa. I 1967 vart Tor Gabrielsen og Kjetil Snerte tilsette som redaktørar, og først i 1968 byrja avisa å komme regelmessig ein gong i veka.

Frå slutten av 1960-talet byrja avisa å lage distriktsnummer som kom i tillegg til avisa. Ved å spreie distriktsnummer til alle husa i dei aktuelle områda utfordra Dag og Tid lokaljournalistikken og bygde opp eit eige kontaktnett.

Dag og Tid har nesten alltid vore radikal og motstraums. Under kampen om EF-medlemsskap i 1972 var Dag og tid ei sterk stemme for nei-sida. Avisa gav ut eit spesialnummer om EF som vart spreidd på Island og Færøyane. Frå 1969–2009 hadde avisa einerett på stoff frå Le Monde. Den franske avisa var då, enda meir enn no, ei kritisk røyst som skilde seg ut frå annan vestleg journalistikk.

Som ei sterk meiningsavis har ordskifta til tider vore harde og i nokre periodar på kollisjonskurs med rådande haldningar i målrørsla. Avisa har fått kritikk for å ikkje ha nok stoff om nynorskmiljøa, men utan å endre kurs. Til trass for at Dag og Tid har støytt frå seg somme i målrørsla, har avisa også henta lesarar frå fleire ulike miljø. I 2022 er talet på abonnentar like høgt på Austlandet som på Vestlandet.

Opplag

Opplagstall for Dag og Tid, 1993-2022

1993 6263
1994 5886
1995 6011
1996 6375
1997 6728
1998 6766
1999 6319
2000 6318
2001 6671
2002 6519
2003 6982
2004 7029
2005 7054
2006 7206
2007 7228
2008 7233
2009 7531
2010 8338
2011 8729
2012 9132
2013 9582
2014 10778
2015 10948
2016 11211
2017 11271
2018 11357
2019 12053
2020 12904
2021 13425
2022 13758
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Dag og Tid hadde eit stabilt opplag på om lag 6500 aviser frå 1970–2009. I likskap med fleire andre nisjeaviser har opplaget auka sterkt frå 2010 til 2022. I 2021 hadde avisa eit opplag på over 13 000 eksemplar.

Utmerkingar

Dag og Tid fekk Fritt Ords pris i 2017 med grunngjevinga at avisa skapar «grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg alvorleg, set sine eigne dagsordenar og er eit raust rom for særs ulike røyster».

Redaktørar

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Grepstad, Ottar (2010) Avisene som utvida språket. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Hjeltnes, Guri (bindredaktør) (2010) Imperiet vakler 1945-2010. Bind 3: Norsk presses historie 1660–2010. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Kobbeltveit, Olav (2010) «Dag og Tid». I Idar Flo (bindredaktør) (2010) Norske aviser fra a til å. Bind 4: Norsk presses historie 1660–2010 Oslo: Universitetsforlaget.

Faktaboks

Dag og Tid
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg