Hopp til innhold
X
Innhald

Dagen

Avisa Dagen blei grunnlagd av stillferdige menn frå det vestlandske kristenlivet i 1918. Men redaktørane i hovudorganet for det kristenkonservative Noreg har vore menn som gjerne har søkt striden.

Det var noko stillferdig over det då ei gruppe leiande menn frå vestlandsk kyrkje- og kristenliv i 1918 vedtok å opprette eit «kristelig dagblad» i Noreg, slik ein alt hadde i Sverige og Danmark. Programmet inneheldt ingen brodd mot den andre pressa eller mot samfunnsutviklinga, ein ville heilt enkelt etablere ei dagsavis som i tillegg til å vere «et almindelig godt redigeret dagblad» også skulle «holde leserne underrettet om det kristelige liv og arbeide».

 

Når Dagen likevel har framstått som eit kristenkonservativt kamporgan med kontroversielle meiningar, er det ikkje minst på grunn av to markante redaktørar, som begge sat i over 30 år på redaktørkrakken i Bergen: Johs. Lavik og Arthur Berg.

 

Juristen Lavik hadde røtene sine i vestlandsk lågkyrkjeleg kristendom og var på fleire måtar ein radikalar då han blei kalla som første redaktør i Dagen. Mellom anna hadde han «sterke pasifistiske tilbøyeligheter». Han markerte seg som ein sjølvstendig redaktør i høve til styret og eigarorganisasjonane. Ein av aksjonærane klaga over at «redaktøren var noget radikal i sociale spørsmål, og at dette kanskje kunde ha innflytelse på forretningsstandens annoncering».

 

Økonomien var vanskeleg dei første åra. Dagen tok ikkje inn annonsar for tobakk, alkohol, kino, teater og anna tidtrøyte, og tapte inntekter på det. Situasjonen betra seg etter at avisa kom i eige hus i Sparebankgaten i Bergen.

 

Bortsett frå eit opphald i 1942–45, då avisa blei mellombels stoppa, var Johs. Lavik redaktør heilt til han døydde i 1952. Etter dette oppstod det ein intens, vond og langvarig strid om ny redaktør i Dagen, som etter kvart kulminerte med at Arthur Berg blei sjefredaktør. Arthur Berg, fødd og oppvaksen i Vestfold og med politiske røter i Venstre, blei ein markant talsmann for den vestlandske lekmannskristendomen. Med klokkeklar argumentasjon og på ein kraftfull, konservativ nynorsk leverte den debattglade redaktøren sine analysar og kommentarar til aktuelle saker – både i eiga avis, på tallause folkemøte og i radio- og fjernsynsdebattar. Berg sat som redaktør til 1986 og blei etterfølgd av Finn Jarle Sæle, Odd Sverre Hove og frå 2010 Vebjørn Selbekk. Den meiningssterke tradisjonen har halde fram, og det har også til tider vore sterke konfliktar mellom redaktøren og styret. Redaksjonelt legg Dagen stor vekt på debattstoff, både på papir og nett.

 

I 2007 fusjonerte Dagen med den meir frikyrkjelege avisa Magazinet, kjent ikkje minst for publiseringa av dei omstridde Muhammed-karikaturane. Mellom 2008 og 2011 hadde avisa namnet Dagen Magazinet, men gjekk deretter tilbake til Dagen.

 

Peikarar

Nettstaden til Dagen

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 30.10.2017
Sist oppdatert: 23.11.2017