Hopp til innhold
X
Innhald

Dølabladet

Dølabladet, avis for Gudbrandsdalen redigert på nynorsk, utgitt på Otta 1946–50, framhald av Dølenes Blad.

Første nummeret av Dølabladet kom ut på Otta torsdag 3. januar 1946. Bladet var framhald av Dølenes Blad og bar undertittelen «Lokalblad for Gudbrandsdal». Pådrivarar for det nye bladet var Gudbrandsdal Ungdomlag og ein del einskildpersonar. Første redaktøren var Andres By. I redaksjonsrådet sat Sigurd Einbu, Tor Ile, Inge Krokann, Sparre Olsen, Ivar Sjåstad, Ingvald Skåre og Tore Ørjasæter. Formann i partlaget Dølabladet var Åsmund Elvesæter.
Bladet skulle vere «kulturelt samlingsblad for frie positive krefter i Gudbrandsdalen», skulle «stå politisk fritt og vera ope for alle saklege innlegg på demokratisk grunnlag», «arbeide for skynsemd og vidsyn», «prøve jamne ut og byggje bru millom motsetningane» og «skaffe rikeleg lokalnytt frå alle bygder i Gudbrandsdalen».
Dølabladet kom med tre nummer i veka, kvart nummer på fire sider. Den første tida hadde redaktøren ein redaksjonssekretær og ein journalist ved si side. Tor Jonsson var redaksjonssekretær frå 9. februar til 13. april 1946.
Mange var innom redaktørstolen det første året: Andres By, Bjarne Kristvik, Jo Turtumøygard, Ole A. Torgersrud, Johan Kvåle og Sverre Enger. Frå 1947 til hausten 1948 sat Johan Kvåle og Sverre Enger på redaktørsetet, medan Oluf Turtumøygard redigerte julenummeret i 1947. Frå september 1948 var Frantz Øygard redaktør, og frå slutten av november 1949 Sverre Enger. Avisa vart prenta på Otta Bok- og Avistrykkeri, som Sverre Enger åtte.
Dølaposten hadde lokalstoff frå heile Gudbrandsdalen, møtereferat, omtale av årsmøte og årsmeldingar, personalia, lesarinnlegg, radioprogram og lysingar, og stundom dikt og bokmeldingar. Avisa vart redigert på nynorsk, men hadde innlegg også på bokmål. Siste nummeret kom ut 28. februar 1950.
Kjelder
Dølabladet, 1946–50
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Universitetsbiblioteket i Oslo 1973
Ivar Teigum: Bygdebok for Vågå og Sel. Bd. 4. Sel/Vågå 2009

Først publisert: 07.09.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013