Hopp til innhold

Dølen – tidsskrift paa norsk maal

Dølen – tidsskrift paa norsk maal var eit tidsskrift på nynorsk utgitt av Jon Norstog (1877–1942) i USA i 1903 og 1904.

Jon Norstog var fødd i Byrtegrend i Telemark og kom til Amerika i 1902, der han med sine 25 bøker vart den mest produktive nynorskforfattaren i det norske Amerika. I tillegg til bøker i alle sjangrar publiserte han svært mykje i norskamerikanske aviser. Mor hans var søskenbarnet til Aasmund Olavsson Vinje, og det er truleg frå han Norstog har fått ideen til namnet på tidskriftet.

Dølen presenterte seg som eit litterært tidskrift. Bortsett frå nokre få dikt av Olav Bakkane og ein tekst av Per Sivle, er alt stoffet produsert av Norstog sjølv. Det første nummeret opnar med ein biografisk tekst om Vinje, som går over alle fem hefta frå 1903. I presentasjonen av Vinje nyttar Norstog verkemiddel frå fiksjonslitteraturen og diktar Vinje inn i ei større forteljing. Ofte skin Norstog sitt sosiale engasjement igjennom, og han har peik til dei rike og mektige. Dei andre tekstane av Norstog kan best karakteriserast som idealistisk-romantiske. Mange av dei er temmeleg dystre – dei handlar om mørke krefter i menneska, om angst, mammon og om utvandrarsviket som Norstog var så oppteken av.

Dobbeltnummeret frå 1903 har eit meir variert innhald enn nummera før. Bladet har lysingar frå I.H. Koefods Boghandel, den einaste «landsmaalsboghandelen» i Amerika. Koefod annonserte for bøker av Garborg, Seland, Tvedt, Løland og Aasen i Dølen.

Det neste, og siste, nummeret av Dølen kom ut i november 1904 i Minneapolis, Minnesota og hadde undertittelen «Tidsskrift for bokrike og livsspursmaal». Inne i bladet står det at Dølen er eit tidsskrift på norsk og dansk-norsk, og at målet er å kome ut ein gong i månaden når bladet får nok tingarar. Det gjekk tydelegvis dårleg med Dølen, og difor opna Norstog for riksmålstekstar.



Kjelder

Arne Sunde: «A Minority within a Minority. The Promotion of Nynorsk in the United States, 1900–1920», i Odd Lovoll (red.): Norwegian-American Studies, Vol. 34. The Norwegian-American Historical Association. Northfield, Minnesota 1995

Orm Øverland: The Western Home. A Literary History of Norwegian America. The Norwegian-American Historical Association. Northfield, Minnesota 1996

Først publisert: 29.10.2020
Sist oppdatert: 29.10.2020