Hopp til innhold
X
Innhald

Dølen

Dølen er vekeavisa Aasmund Olavsson Vinje skreiv og gav ut i perioden 1858–1870. Dølen var den første nynorske avisa.

Det første nummeret av Dølen kom 10. oktober 1858. Avisa kom ut med ujamne mellomrom, etter som Vinje hadde tid og råd. På dei tolv åra avisa eksisterte, kom det i alt åtte årgangar. Dølen hadde over 600 abonnentar, dei fleste i byane, og dekte og kommenterte alt frå praktiske samfunnsspørsmål og aktuelle hendingar til nasjonal og europeisk politikk. I tillegg inneheldt avisa ei mengd dikt, forteljingar, parodiar, bokmeldingar og essay om filosofiske og kulturelle emne.
 
Med Dølen tok Vinje for første gong i bruk landsmål som journalistspråk. Vinje skreiv om dei ulike samfunns- og livsområda på ein samandregen måte, og eit av trekka som kjenneteiknar Dølen, er den personlege vinkelen emna blir skildra frå. Vinje skydde einsretta spesialisering, og stoffet som fekk plass i Dølen, blei handsama på ein tverrfagleg og allmenngjord måte. Han skreiv motstraums, med eit vake og kritisk blikk på stivna tenkjemåtar og vedtekne sanningar. Dølen utgjer eit vektig kapittel i norsk essaytradisjon.
 
Det siste nummeret av Dølen kom 24. juli 1870, seks dagar før Vinje døydde.
 
Nynorsk
Utgangspunktet for Dølen var altså at avisa skulle vere eit innlegg i den pågåande nasjonale kulturstriden om det norske språket. «Det norske Folk er af det danske skakkjøyrt i Munnen», skreiv Vinje i programartikkelen i det første nummeret. Norsk hadde i «Faakunnighetens Nott» blitt sundslått som biletstøtter frå antikken. Men trass i denne tilbakeskodande språkoppfatninga om eit fortidig og mønstergyldig opphav, og all endring etterpå som forfall, er det ein pragmatisk og nyskapande språkpraksis og ein tidvis oppglødd framtidsoptimisme som kom til å særmerkje Dølen.
 
Hovudstadspressa lét seg provosere av den nye bruken av landsmålet. Til dømes skulda professor M.J. Monrad i Morgenbladet Vinje for å skrive eit stygt og falskt bastardspråk. Men med den munnlege, rørlege og klisjéfattige skrivemåten som Vinje allereie var kjent for i Drammens Tidende, tredde han med Dølen endå tydelegare fram som ein særeigen essayist og kommentator med sterk appell.
 
Kritisk og skrått blikk
Dølen pussa på seg mange fiendar, salt og kritisk som avisa kunne vere. Ein av dei skarpaste kritikkane i norsk litteraturhistorie stod på trykk i Dølen, nemleg meldinga av bondeforteljinga Arne av diktarhøvdingen Bjørnstjerne Bjørnson. Vinje meinte at dei nasjonalromantiske og sentimentale skildringane til Bjørnson var så fjerne frå røyndomen at han tolka boka, på sitt ironiske vis, til å måtte vere ein parodi på det nasjonale strevet: «Slike Storfolk ero like Lækjarkniven, som heilar, naar han skjerer, og vaar Norskheit er so livsterk, at ho ikki døyr for det, om ein ulækjeleg Verkefinger verd afskorin.»
 
Dølen var ein original framtoning i den norske samtida, men har tydelege forgjengarar i den europeiske pressehistoria. Bladet går inn i tradisjonen etter The Spectator, Addison og Steeles satiriske tidsskrift frå byrjinga av 1700-talet. The Spectator var som Dølen personifisert som tilskodaren som vandrar rundt med skrått blikk på samfunnet. Vinje skriv altså i ein tradisjon der forfattar og journalist ikkje er strengt skilde roller, der fiksjon og fakta er forløysande blanda i hop. Vinje var såleis ein pioner innanfor den litterære reportasjen.
 
Ideal og sjølvportrett
Namnet Dølen tyder «mannen frå dalen» og gir eit signal om eit uspesifisert, men ikkje-urbant geografisk opphav. Dølen er såleis ein språkpolitisk inkarnasjon, ei påminning om at rotfestet og lojaliteten i kulturkampen ligg hos bonden. Men Dølen er samstundes eit ideal for Vinje, ei innsikt basert på danning og levd liv: «Eg kann minnast meg sjølv: eg hadde Barnetru og so Bondetru og so Skolemeistartru, og so frametter, alt til eg no siter inne med Døletru.»
 
Det uløyselege sambandet mellom blad og skrivar gav utslag både tekstleg og praktisk. Dølen blei Vinjes alias i det offentlege rommet, og Dølen er ein figur som Vinje skriv fram gjennom ihuga sjølvportrettering. Det kjende verket Ferdaminni fraa Sumaren 1860, som kom ut gjennom Dølen som kompensasjon til abonnentane for 26 veker utan avis, ber preg av denne stendige konstruksjonen av eigen hovudperson.
 
Kjelder
Aasmund Olavsson Vinje: Dølen. Eit Vikublad,  faksimileutgåver ved Reidar Djupedalbd, bd. 1-4. Oslo 1970–73

Først publisert: 18.12.2009
Sist oppdatert: 08.05.2013