Hopp til innhold
X
Innhald

Driva

Driva blei skapt av ein stridbar og sjølvstendig redaktør som ikkje ville bøye seg for partipisken. Avisa greidde seg bra i konkurransen med Aura Avis, og framleis er Sunndalsøra ein av dei få stadene i Noreg som har to aviser.

Det første nummeret av Driva kom ut på Sunndalsøra 5. oktober 1971. Den nye avisa blei til etter at redaktøren, Einar Sæter, sa opp redaktørjobben i Aura Avis, som han hadde hatt sidan 1954. Dette skjedde etter fleire konfliktar mellom Sæter og leiinga i lokallaget til Arbeidarpartiet. Sæter hadde markert sjølvstendige meiningar både i EEC-saka, i spørsmålet om kraftutbygging i Mardøla og i dekninga av kommunale saker.

 

Han fekk med seg dei tidlegare medarbeidarane sine frå Aura Avis og greidde å reise nok startkapital til å gi ut den nye avisa Driva, oppkalla etter elva. Det spesielle her er ikkje berre brotet med Arbeidarpartiet, men også at Aura Avis var blitt til ved at redaktøren i ei tidlegare avis på staden, Erling Innvik, braut ut og etablerte si eiga avis.

 

Den nye avisa Driva blei møtt med stor velvilje frå både lesarane og frå det lokale næringslivet, som rykte inn store gratulasjonsannonsar i det første nummeret. Den første tida blei avisa trykt på Orkanger, men fekk etter kort tid sitt eige offsettrykkjeri. Driva har stort set kome ut tre gonger i veka, men i 1988–1990 kom avisa ut fire gonger for veka. På 2000-talet blei utgivingane reduserte til to nummer i veka. Aura Avis svarte på den nye konkurransesituasjonen med å gå over til offset og tabloidformat. Driva på si side satsa på å bli ei distriktsavis for fleire kommunar på Nordmøre. I tillegg til «heimkommunen» Sunndal fekk ho raskt fotfeste i dei andre nordmørskommunane – Surnadal, Rindal, Halsa, Aure, Gjemnes og Tingvoll, samt romsdalskommunen Nesset. I ein første fase blei ho òg seld på Oppdal og Lesja i nabofylka, men der overtok etter kvart ei lokal avis. Driva fekk raskt det høgaste opplagstalet av dei to avisene på Sunndalsøra. Aura Avis satsa på å vere lokalavisa for Sunndal og er den største av dei to avisene på sjølve utgivarstaden.

 

Avisa var fram til 1987 gitt ut av Driva-Trykk A/S, der dei tilsette hadde aksjemajoriteten. I 1990 blei Driva kjøpt opp av Romsdals Budstikke A/S, der Dagbladet sat med aksjemajoriteten, etter eit stranda samarbeidsforsøk med andre avisar på nordvestlandet. Men allereie i 1991 trekte Dagbladet seg ut frå regionen, og Orkla Media (seinare Edda Media) overtok selskapet, med dei tre avisene Romsdals Budstikke, Driva og Åndalsnes Avis. I 2009 blei desse avisene selde til Polaris Media.

 

Peikarar

Nettstaden til Driva

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 30.10.2017
Sist oppdatert: 29.11.2017