Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tunet
Foto: Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

Fedraheimen

Fedraheimen var ei av dei viktigaste norske avisene på 1800-talet. Avisa var den første store nynorskavisa etter Dølen, og fleire kjende journalistar og forfattarar leverte stoff til Fedraheimen.

Fedraheimen kom ut frå 1877 til 1891. Den første redaktøren var Arne Garborg, og avisa vart i alt redigert av minst tolv personar. Nokre av desse sat berre kort tid, dei tre som sat lengst, var Garborg, Ivar Mortensson-Egnund og Rasmus Steinsvik. Avisa vart redigert fire ulike stader – Kristiania, Tynset, Fredrikstad og Skien.
 
Målsaka stod sentralt for Fedraheimen. Avisa var aktiv i målpolitiske debattar, og dei fleste nummera hadde òg minst éin litterær tekst. Både nye og meir etablerte forfattarar leverte dikt eller forteljingar til avisa.
 
Avisa starta som eit vekeblad for det norske folket, men vart gradvis meir radikal, ikkje minst då Steinsvik styrte avisa. Dei to siste åra kom det ut få nummer, og det siste nummeret kom i juni 1891.
 
Garborg tok initiativet
I august 1877 kalla Arne Garborg nokre målfolk inn til eit møte i Studentersamfundet i Kristiania. Då fanst det ingen blad eller aviser som nytta landsmål, men Garborg fekk støtte frå dei frammøtte om at det skulle gjerast ein ny freistnad. Fleire, til dømes Kristofer Janson og Steinar Schjøtt, lova å skrive for bladet, og i tida etter selde dei aksjar som gav bladet ein liten startkapital. Namnet Fedraheimen var eit framlegg frå Hans Ross.
 
Det første nummeret kom 6. oktober 1877 og opna med diktet «Fedraheimen» av Kristofer Janson. Avisa var i det heile open for dikt og andre litterære tekstar. Alt i nummer 8 det første året kom diktet «Dan fyrste Songen», der forfattaren berre signerte med «S.». Dette var einaste gongen Per Sivle publiserte dette diktet. Avisa hadde òg fleire forteljingar som gjekk over fleire blad, nokre av dei var omsette frå andre språk.
 
Målsak og politikk
Dei første åra var avisa eit reint målblad. I 1880 vart bladet meir politisk, men målsaka stod heile tida sentralt. Emna som vart tekne opp, vart kommenterte i høve til målsaka, og den viktigaste målgruppa ser ut til å ha vore lærarar og andre innanfor skuleverket. Avisa sympatiserte med Venstre, både i vetostriden og fram mot dei store politiske endringane i 1884.
 
Avisa vart gradvis meir og meir radikal. I 1886 trykte avisa diktet «Anarkistsong» av Arne Garborg, som då budde i Paris. Han kom attende til Noreg året etter og fekk då Mortensson-Egnund med på å gjere Fedraheimen til eit radikalt blad. Denne utviklinga vart endå tydelegare frå 1889, då Rasmus Steinsvik kom inn i redaksjonen. Det førte til at tingartalet gjekk ned, og det vart òg færre lysingar. I 1890 kom det berre 14 nummer, og etter omtrent like få nummer året etter skjøna Steinsvik at det heile var over. Nummeret for 21. mars 1891 kom på raudt papir, for å vise kvar avisa stod politisk. Etterpå kom det tre månadshefte, det siste i juni 1891. Tre år seinare grunnla Steinsvik og Garborg avisa Den 17de Mai.
 
Tolv ulike redaktørar
Minst tolv personar redigerte Fedraheimen – Torgeir Bjørnaraa, Eirik Bruhjell, Arne Garborg, Halfdan Andreas Halvorsen, Ingebjørg Jore, Johannes Lavik, Johan Elias Mork, Ivar Mortensson-Egnund, Kristian Magnus Olsen Nordlid, Lars Stavnheim, Rasmus Steinsvik og Bernt A. Støylen. Desse kom frå ulike stader, og det var òg god geografisk spreiing i lesarkrinsen. Avisa hadde aldri meir enn 1500 tingarar, men dei mange lesarbreva viser at avisa vart lesen over heile landet. Mange av lesarbreva informerte om tilstanden i dei ulike bygdene, gjerne med vekt på korleis tilhøva var for norskdomsrørsla. Dei første årgangane var det ikkje uvanleg at brevskrivarane opna med å fortelje at dei ikkje har noka trening i å skrive landsmål, men at dei likevel vil prøve. Garborg fortalde seinare at han brukte mykje tid på å rette språket i det innsende stoffet.
 
Frå 2007 publiserer Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum alle årgangane av avisa på Internett, i fulltekst.
 
Kjelder
Ole Dalhaug: Mål og meininger. Målreisning og nasjonsdannelse 1877-1887. Oslo 1995
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Oslo 2006.
 
Peikarar

Først publisert: 15.09.2009
Sist oppdatert: 12.12.2017